Presidenten for EU-kommisjonen, Ursula von der Leyen, åtvarar folk mot å bestille sommarferie:
– Eg tilrår folk å vente med slike planar. Ingen kan komme med pålitelege spådommar for juli og august no, seier ho i eit lengre intervju med den tyske avisa Bild.
Ikkje ferie som normalt
Assisterande direktør Espen Nakstad i Helsedirektoratet har følgjande å seie når NRK spør han om nordmenn bør avbestille utanlandsturar til sommaren:
– Signala som har kome er nok at det heile sommaren 2020 ikkje vil bli ferieavvikling som normalt, det er ganske sikkert, seier han.
Nakstad viser til at regjeringa no ber folk om å unngå unødvendige reiser til utlandet og at det er uvisse rundt kor lenge dette vil vere nødvendig.
– Så det må ein ta det innover seg når ein skal planlegge ferie, seier Nakstad til NRK.
- Les meir:
TRULEG IKKJE NORMAL FERIE: Assisterande direktør Espen Nakstad i Helsedirektoratet trur ikkje sommarferien blir som i fjor.
Foto: Heiko Junge / Heiko JungeReiselivsnæringa vil satse på nordmenn
Leiar for NHO reiseliv, Kristin Krohn Devold, fortel at dei kjem til å satse på norske turistar i sommar.
– I sommar blir det endå viktigare skape reiselyst og å oppmode nordmenn til å bruke pengar på ferie i Noreg, seier ho.
SOMMAR I NOREG: Nordmenn må truleg basere seg på ferie i Noreg i sommar.
Foto: Anette Karlsen / NTB scanpixSjølv om næringa no jobbar for å fleire nordmenn til å reise her heime, vil det ikkje vere nok inntekter frå dette til å dekke dei tapte inntektene om dei utanlandske turistane blir borte, fortel Devold.
Ho viser til at nordmenn allereie er den største kundegruppa for reiselivsnæringa her heime.
Til dømes står nordmenn for rundt 70 prosent av hotellovernattingane, forklarar Devold.
– Det er ikkje mogleg å fullt ut kompensere for tapet av utanlandske turistar, seier ho.