Hopp til innhold

Lisbeth skulle ha feira 29-årsdagen til dottera – no skal ho følgja ny Breivik-rettssak

Tysdag 18. januar skal Anders Behring Breivik møta i retten på nytt. Den same dagen skulle Synne Røyneland feira 29-årsdagen.

– For meg personleg så er det ganske absurd at rettssaka startar 18. januar.

Lisbeth Røyneland er leiar for støttegruppa etter 22. juli-hendingane og mista dottera Synne i terroråtaket på Utøya.

Tysdag 18. januar hadde dottera fylt 29 år.

– I staden blei ho og 76 andre fråtekne livet og framtida av terroristen som no krev seg lauslaten frå fengselet, seier Røyneland.

– Det skurrar noko veldig, legg ho til.

Anders Behring Breivik krev å bli sett fri frå fengselet sidan minstetida av straffa er gått ut.

Terroristen blei dømt til fengsel i 21 år med forvaring, men sidan minstetida blei sett til ti år, kan han krevja seg lauslaten.

– Ho sit på skuldra mi

Dei siste åra har Lisbeth Røyneland markert fødselsdagane til dottera i det stille. Ho har besøkt grava, og tenkt ekstra mykje på ho den dagen.

Bildet viser Synne Røyneland sitt bursdagsfeiringen da hun var tre.

Tidlegare var 18. januar dagen for feiring. Biletet viser bursdagsfeiringa til Synne då ho blei tre år. Dei siste åra har Lisbeth Røyneland markert fødselsdagen til dottera i det stille.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

I år kjem ho til å besøkja grava dagen før. For på sjølve fødselsdagen til dottera, skal Lisbeth Røyneland følgja den nye rettssaka mot Anders Behring Breivik.

– Det er vanskeleg å forklara, men det er viktig for meg å vera til stades. Det er som ho sit på skuldra mi. Det er min måte å forsvara ho på, seier Røyneland.

Synne Røyneland. Utøya 20. juli 2011. Ved teltplassen på Utøya.

Synne Røyneland på Utøya ved teltplassen 20. juli 2011. – Biletet fann eg på kameraet hennar, seier Lisbeth Røyneland.

Foto: Privat

Rettssaka skal ho følgja via overføringssalen i Oslo tingrett. Ho trur det blir tungt.

– Men eg er førebudd på det som kjem, sjølv om ein aldri veit kva Breivik kan finna på å seia og gjera, seier ho,

Dei siste åra har Lisbeth Røyneland markert fødselsdagane til dottera i det stille.

På veggen heng Lisbeth Røyneland sitt favorittbilete av dottera Synne.

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

Krev å bli sett fri

Påtalemakta har motsett seg ei lauslating og saka må difor behandlast av retten.

– Han sit på forvaring og minstetida er gått ut. Då har han moglegheit til å få spørsmålet om vidare opphald i lukka fengsel prøvd for ein domstol. Det er det han ønskjer.

Det seier Breivik sin advokat, Øystein Storrvik, til NRK.

Han fortel at han saman med Breivik har jobba med det som skal leggjast fram for tingretten.

– Kva kjem Breivik til å seia i retten?

– Han har førebudd ei omfattande forklaring i retten, og eg ønskjer ikkje føregripa det, seier Storrvik.

Statsadvokat Hulda Karlsdottir motset seg at Breivik blir sett fri og har tatt ut ny tiltale.

– Slik vi vurderer det, basert på materialet vi har fått frå Kriminalomsorgen, som har med han å gjera i det daglege, og ein ny risikovurdering gjort av ein psykiater, meiner vi det framleis er fare for at Breivik skal gjera ny, alvorleg kriminalitet, sa Karlsdottir til NTB då det blei kjent Breivik ville krevja seg prøvelauslaten.

Miriam Einangshaug

Miriam Einangshaug overlevde 22. juli-terroren. Ho seier det blir tøft å følgja nye rettssak mot Anders Behring Breivik.

Foto: Privat

Miriam Einangshaug, som var på Utøya 22. juli 2011, seier at det blir krevjande at ei ny sak mot Breivik no kjem opp for retten.

– Dette var jo ein person som forsøkte å drepa meg og som drap vennene mine, så det er jo naturleg at det gjer vondt, seier ho.

Rår andre til å skjerma seg

Som styremedlem har også Einangshaug bestemt seg for å følgja rettssaka.

Det same skal nestleiar Tor-Inge Kristoffersen. Han jobba i vaktsentralen i Høyblokka då bomba gjekk av.

– Ein må sjølv finna ut kva ein taklar, men eg veit at mange vel å skjerma seg mot slike saker, seier nestleiaren.

Minnemarkering i Regjeringskvartalet

Tor-Inge Kristoffersen under minnemarkering i Regjeringskvartalet.

Foto: Audun Braastad / NTB

Røyneland rår dei råka til å følgja minst mogleg med, då saka kan medføra retraumatisering.

Støttegruppeleiaren trur kvar omtale av saka, generelt og terroristen spesielt, er ei stor belastning for etterlatne, overlevande og andre som er råka av terroren 22. juli.

Samstundes håpar ho at det gir tryggleik til dei terrorråka at støttegruppa følgjer rettssaka og at dei kan formidla vidare det som skjer til dei som ynskjer det.

I tillegg er støttegruppa opptekne av at media tar omsyn til dei som er råka av 22. juli-terroren under dekkinga av saka.

Lisbeth Røyneland er leiar for støttegruppa etter 22. juli-hendingane og mista dottera Synne i terroråtaket på Utøya.

– Det er som ho sit på skuldra mi, seier Lisbeth Røyneland om dottera Synne.

– Ikkje noko ein kan gjera med det

Retten har sett av fire dagar til behandlinga av saka. Terroristen meiner han bør setjast fri og krev seg difor lauslaten.

– Ein må følgja dei lovar og reglar som er. Har han moglegheita til det med heimel i lova, så er det ikkje noko ein kan gjera med det, seier Kristoffersen.

Sjølv om Røyneland beskriv det som absurd at terroristen får lov til å krevja seg lauslaten, meiner ho samstundes at saka viser at rettssystemet fungerer.

– Eg trur nok ikkje dei som laga lovene såg for seg ein massemordar og ein terrorist. Skulle ein ha laga spesialordninga for han, ville også det blitt feil. Då ville merksemda rundt han som person blitt endå større, seier ho.

Breivik har krav på ny prøving kvart år. Det tykkjer Røyneland er vondt å tenkja på.

– For kvar gong dette dukkar opp, så er det ei stor påkjenning for dei råka.

Lisbeth Røyneland er leiar for støttegruppa etter 22. juli-hendingane og mista dottera Synne i terroråtaket på Utøya.

Lisbeth Røyneland tykkjer det er trist å tenkja på at Breivik har krav på prøving kvart år.

Både Røyneland, Einangshaug og Kristoffersen peikar på at dei er mest opptekne at terroristen blir verande i fengselet.

– Han må ikkje få høve til å formidla vidare dei grufulle og ekstreme haldningane sine, verken i fengsel eller utanfor, seier Røyneland

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger