Hopp til innhold

Etterforskar politimann for sletting av valdsvideo: Dette har du lov til i møte med politiet

Du har lov til å filme politiet, og dei kan ikkje slette opptaket, seier Advokatforeininga og Norsk Presseforbund.

Dette er ein overvakingsvideo av det som skjedde på bensinstasjonen i Kongsberg, ikkje den videoen vitna hevdar politiet sletta.

I oktober i fjor vart 26 år gamle Kevin Simensen utsett for slag med knyttneve og batong av politiet.

Saka, som no blir behandla av Spesialeininga, har fått stor merksemd.

Ein kompis av Simensen, Marius Stormo (28), filma delar av hendinga. Seinare tok ein annan politimann telefonen frå Stormo og sletta videoen. Difor blir også denne betjenten etterforska av Spesialeininga.

For i Noreg er det faktisk lov å filme politiet – også når dei er i aksjon.

Jon Wessel-Aas er leiar for Den norske advokatforeininga og har jobba mykje med ytringsfridom, personvern og opphavsrett.

Han seier til NRK at politiet har valdsmonopol i samfunnet. I nokre situasjonar har dei difor tilgang til å gjere ting som er straffbart for alle oss andre.

– Då er det ekstra viktig at det ikkje er nokon avgrensingar på at publikum kan dokumentere korleis dei utøver den makta og moglegheita.

Les også Politidirektøren om politivaldsvideo: – Skakande

Viser til grunnlova

I 2021 slo Borgarting lagmannsrett fast svart på kvitt at det er lov å ta bilete og video av politiet i aksjon. Det er også lov å publisere dei i sosiale medium, slo dommen fast.

Lagmannsretten frifann då ein mann som var dømd for nettopp dette.

Dei grunngav frifinninga med at det er til det beste for allmenta å offentleggjere film eller bilete av tenestepersonar.

– Eit forbod mot førehandssensur finst alt i grunnlova. Og det er førehandssensur om politiet nektar folk å ta bilete eller filme, påpeiker Wessel-Aas.

Jon Wessel-Aas. Advokatfirmaet Lund & Co DA.

Jon Wessel-Aas, leiar for Den norske advokatforeininga.

Foto: Monica Kvaale

Politiet har dermed ikkje rett til å påleggje folk å la vere eller å slutte å ta bilete eller filme då dette vil vere i strid med forbodet mot førehandssensur i grunnlova § 100, forklarar Wessel-Aas.

Det politiet kan gjere er å påleggje folk å ikkje fysisk bevege seg i vegen for politiets arbeid på ein åstad eller ulukkesstad.

Også jurist Kristine Foss i Norsk Presseforbund er klar på at både privatpersonar og presse har lov til å filme politiet.

Foss legg til at politiet kan be deg slutte å filme viss betjentane på staden til dømes er frå PST og må skjule identiteten sin.

– Men dei må uansett kunne grunngjeva inngrepet med ein lovheimel, presiserer ho.

Ho seier det er ein ubalanse mellom politiet og privatpersonar då politiet er i ein maktposisjon og kan bruke inngripande metodar i møte med privatpersonar.

– I mange situasjonar kan det vere viktig å filme politiet for å kunne saumfare og sjå i ettertid kva som har skjedd, seier ho.

Natt til 22.oktober ble Kevin Simensen lagt i bakken av flere politifolk i Kongsberg. Nå er en politibetjent tiltalt for politivold.

Denne mobilvideoen av hendinga blei ikkje sletta.

– Ulovleg på fleire måtar

Ho peiker på at objektiv dokumentasjon som bilete og opptak kan gagne både politiet og samfunnet.

Politiet kan slik få bevis på at dei har opptredd riktig. Dersom dei har gjort feil, kan dette vere viktig for samfunnet å vite om.

Ifølge Foss kan du som utgangspunkt også legge ut film av politiet på sosiale medium og at det må vere gode grunnar for å ikkje gjere det.

Kristine Foss

Kristine Foss er jurist i Norsk Presseforbund.

Foto: Norsk Presseforbund

– Som at det er personar som jobbar med etterretning som er involverte, eller om ein får med privatpersonar i ein sårbar posisjon, seier Foss.

– Men som polititenestemann må du tole ei viss offentlegheit om personen din, legg ho til.

Advokat Wessel-Aas seier det er fleire ting som gjer publisering av opptak komplisert:

– Det kan hende det ein publiserer, med følgjande tekst, konstaterer noko som ikkje stemmer.

Som i likskap med Foss peiker også han på at det kan vere sivile involvert, eller i bakgrunnen, som har personvern og ikkje ønskjer identifisering

– Det kan vere nokre bygningar og installasjonar det er ulovleg å filme, av omsyn til tryggleiken i riket. Arbeidet til politiet er ikkje ein del av det, seier han.

Les også Spesialeininga: Den tiltalte politibetjenten slo med «stor kraft»

Her blir Kevin Simensen (26) slått med knyttet neve av politiet.

Politiet kan ikkje slette opptak

– Kva tenkjer du om hendinga i Kongsberg?

– Eg må ta atterhald her, men om det stemmer at politiet sletta eit opptak, er ikkje det lovleg.

Wessel-Aas seier det då er politiet som gjer seg skuldig i ei ulovleg handling.

– Det er i så fall ulovleg på fleire måtar, både ved å øydeleggje eventuelle bevis, og dessutan å slette informasjonen som er ein annan sin eigedom, seier Wessel-Aas.

Les også Voldstiltalt politimann hengt ut på nettet

Foss i Norsk Presseforbund kallar det eit overtramp å slette opptak frå mobilen til nokon.

– Det er jo eit maktovergrep overfor ein privatperson. Politiet kan ikkje gjere det utan å ha lovheimel for det, slik som dei ikkje kan arrestere nokon utan lovheimel.

Foss meiner politiet i situasjonar der ein privatperson har filma noko sensitivt, heller bør ta beslag i telefonen for å vurdere om sletting er nødvendig, enn å slette på staden.

– Sletting er uoppretteleg òg. Det skader saka og kan vere viktig dokumentasjon.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger