Hopp til innhold

Etterforskar likfunn i Telemark

Det er funne eit lik i eit tjern i Bø i Telemark. Politiet har starta etterforsking.

Likfunn i tjern i Telemark

KLIKK FOR Å SE VIDEO: Det døde mennesket vart funne i Harpetjønn i Bø kommune. Harpetjønn ligg ikkje langt frå Bø Sommarland og Telemarkshallen.

Operasjonsleiar Aadne Røilid i Telemark politidistrikt opplyser til NRK.no at det døde mennesket vart funne i Harpetjønn i Bø kommune. Harpetjønn ligg ikkje langt frå Bø Sommarland og Telemarkshallen.

Ikkje identifisert

Politiet arbeider framleis på staden. Liket er ikkje identifisert, og det ber preg av å ha lege lenge i vatnet, seier operasjonsleiaren.

Røilid fortel at Harpetjønn ligg like ved eit bustadområde, og det var folk som bur i området som oppdaga det døde mennesket i vatnet.

Politiet fekk melding om funnet kl. 18.29. Kripos er orientert om funnet, og dei vil delta i identifiseringsarbeidet.

Sjekkar sakna personar

Operasjonsleiar Aadne Røilid seier til NRK.no at dei vil no sjekke funnet opp mot sakna personar i området, blant anna saka der ein 16 år gammal gut med afghansk opphav, Ali Sediqi, forsvann sporlaust frå Bø Sommarland sommaren 2011.

Guten var i Bø Sommarland saman med familien sin då han vart borte. Det vart sett i verk ein stor leiteaksjon, men han vart aldri funnen.

Seinare har mor til 16-åringen gått ut med kraftig kritikk av politiet fordi dei ikkje tok saka alvorleg nok.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger