Hopp til innhold

Eide meiner norsk brev førte til konflikt med Israel

Eit brev frå den norske regjeringa til den internasjonale straffedomstolen i førre veke førte til ei opptrapping av konflikten med Israel, meiner utanriksminister Espen Barth Eide.

Espen Barth Eide - Arendal

Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) trur ikkje den norske godkjenninga av Palestina var avgjerande for at Israel trekte tilbake den diplomatiske statusen til norske representantar.

Foto: William Jobling / NRK

I førre veke sende regjeringa eit brev som handla om at Noreg som part i Oslo-avtalen meinte den internasjonale straffedomstolen (ICC) kunne behandle saka mot Hamas-leiarar og regjeringa i Israel.

Dette skal vere grunnen til at Israel trekte tilbake den diplomatiske statusen til åtte norske representantar i dei palestinske områda.

– Det er det vi har skjøna dei siste dagane. Men eg meiner det var heilt rett av oss å gjere dette, seier utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) til NRK under Arendalsuka.

NRK forklarer

Hva er ICC og arrest­ordrene?

Sjefsanklager Karim Khan i ICC.
Hva er ICC og arrest­ordrene?

Hva er ICC?

Den internasjonale straffedomstolen (ICC) er en internasjonal domstol i Haag i Nederland. Den tiltaler og straffeforfølge personer for:

  • Krigsforbrytelser. (Brudd på lovene som gjelder i krig. Drap på sivile, angrep mot sykehus, etc.)
  • Forbrytelser mot menneskeheten. (Mord, tortur, utryddelse.)
  • Folkemord. (Forsøk på å helt eller delvis utrydde en gruppe mennesker på grunn av nasjonalitet, etnisitet eller religion.)
  • Aggresjon. (Væpnet angrep mot et annet land.)

Kilde: Store norske leksikon, ICC

ICCs medlems‡land.
Hva er ICC og arrest­ordrene?

Hvem er med­lemmene

  • Det er frivillig for land å være medlemmer av ICC. I dag er 124 land medlemmer, inkludert Norge. Men store land som USA, Kina og Russland er ikke med.
  • Israel er heller ikke medlem. Det er imidlertid Palestina. Og ICC har derfor rettslig myndighet over de palestinske områdene Vestbredden og Gazastripen.
  • Medlemslandene skal følge ICCs avgjørelser. Det vil si at hvis domstolen utsteder arrestordre mot noen som er i et av domstolens medlemsland, så skal det landet pågripe vedkommende.

Kilde: ICC

Hva er ICC og arrest­ordrene?

For­skjellen på ICC og ICJ

  • ICC må ikke blandes sammen med ICJ – Den internasjonale domstolen.
  • Den viktigste forskjellen er at ICJ er en FN-domstol. Den skal sørge for at land følger folkeretten.
  • ICC skal på sin side ikke straffeforfølge land, men individer for forbrytelser de selv har begått.
Yahya Sinwar er leder for Hamas i Gaza.
Hva er ICC og arrest­ordrene?

Arrest­ordrene mot Hamas

20. mai utstedte ICCs sjefaktor Karim Khan arrestordre mot tre Hamas-ledere, Israels statsminister Benjamin Netanyahu og Israels forsvarsminister Yoav Gallant.

Hamas-lederne er:

  • Yahya Sinwar. Lederen for Hamas på Gazastripen.
  • Mohammed Diab Ibrahim al-Masri (kjent som Deif). Lederen for Hamas' militære fløy al-Qassam-brigaden.
  • Ismail Haniyeh. Hamas' politiske leder.

De er blant annet anklaget for:

  • Drap
  • Forsøk på utryddelse
  • Gisseltagning
  • Voldtekt og seksuelle overgrep
  • Tortur

Kilde: ICC

Benjamin Netanyahu i februar 2024
Hva er ICC og arrest­ordrene?

Arrest­ordrene mot Netan­yahu og Gallant

Israels statsminister Benjamin Netanyahu og forsvarsminister Yoav Gallant er blant annet anklaget for:

  • Utsulting av sivile
  • Overlagte angrep mot sivile
  • Utrydding og drap
  • Forfølgelse

Kilde: ICC

Fleire land har meint at ICC ikkje kan sende ut arrestordre på israelske statsleiarar fordi Israel ikkje er medlem av domstolen. Men i svaret sitt til domstolen, skriv den norske regjeringa at det er opp til domstolen sjølv å vurdere kven dei vil straffeforfølge.

Ville ha arrestordre

I mai sa ICC-aktor Karim Khan at han meinte Israels statsminister Benjamin Netanyahu og forsvarsminister Yoav Gallant var skuldige i krigsbrotsverk i Gaza, og at dei burde bli haldne ansvarlege for dette.

Dersom domstolen skulle sende ut arrestordre, kan dei bli gripne om dei besøker eitt av dei 24 landa som er medlemmar av domstolen. Noreg er medlem, medan USA og Israel er blant landa som ikkje er medlemmar.

Les også Kven er «Slaktaren frå Khan Younis», Hamas' nye leiar?

Yahya Sinwar i beige skjort held ein liten gut med militæruniform og eit maskingevær i handa.

Khan bad også om at det blei sendt ut arrestordre på dei tre Hamas-leiarane Ismail Haniyeh, Yahya Sinwar og Mohammed Diab Ibrahim Al-Masri.

Haniyeh blei drepen av ei bombe i Teheran i Iran i slutten av juli.

Starta omfattande prosess

Fråsegna til Khan førte til reaksjonar blant anna i USA og Storbritannia, og domstolen blei utesett for press frå fleire kantar.

Blant anna utfordra Storbritannia domstolen, og meinte at dei ikkje hadde rett til å be om at dei israelske politikarane skulle bli arrestert.

ICC sette også i gang ein omfattande prosess der over 70 statar og organisasjonar skal gi sitt syn på saka.

Les også Advokat for ofre i Gaza mener statlig press hindrer arrestasjon av Netanyahu

Stor pappfigur av Israels statsminister Benjamin Netanyahu hvor det står: arrester denne kriminelle personen.

Det var i samband med denne prosessen at Noreg sende brevet.

Storbritannia trekte seg i slutten av juli frå prosessen. Det blei forklart med at dei hadde fått ny regjering.

Men prosessen held fram, stadfesta ICC overfor NRK i juli.

Trekte tilbake diplomatisk status

I førre veke kom meldinga om at Israel trekte tilbake den diplomatiske statusen til åtte norske representantar som bemannar Noregs representasjonskontor på Vestbreidda.

Utviklinga blei sett i samanheng med at Noreg var blant landa som har godkjent Palestina som eigen stat.

Utanriksministeren kalla tilbakekallinga for ei ekstrem handling.

Les også Netanyahu talte i Kongressen til ståande applaus

GynmZViSNtc

Eide seier den norske regjeringa dei siste dagane har fått brei internasjonal støtte, blant anna frå støttespelarane til Israel, etter det som har hendt.

– Vi har støtte frå USA, EU, Tyskland og Storbritannia som har teke kontakt med Israel og bede om at dei må gjere om på avgjerda om dei norske diplomatane.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger