– Eg trur me alle var mest i tvil om me skulle stenge skolane, særleg dei lågaste barnetrinna. Det var nok det vanskelegaste, det seier statsminister Erna Solberg til NRK.
Men på morgonen den 12. mars visste ikkje Erna Solberg at ho same dag skulle fortelje det norske folk at alle landets skolar skulle stenge.
Den morgonen er ho gjest i Politisk kvarter og skal i debatt med Jonas Gahr Støre (Ap):
Erna Solberg gav ingen signal om nedstenging i Politisk kvarter morgonen 12. mars
– Visst du at du skulle stenge ned skolene den morgonen?
– Eg visste me skulle innføre strenge tiltak, men alle detaljane i tiltaka var me ikkje heilt sikre på. Men at dei skulle bli så strenge at me stengde ned skolene, nei, det visste eg ikkje, seier Solberg i dag.
Det var lite i kva Solberg formidla i Politisk kvarter som tyda på, eller førebudde folk på at ho seinare same dag skulle presentere dei strengaste tiltaka i Noreg i fredstid.
– Det var heilt bevisst. For før du veit kva du skal gjere, så bør du ikkje sende signal om det på førehand, seier Solberg.
- Sjå heile intervjuet med Erna Solberg i «Sommerkvarteret» øverst i saka.
Grande ville stenge
Trine Skei Grande tilrådde å stenge skolane.
Foto: Vidar Ruud / NTB/SCANPIXEtter morgonmøtet i kunnskapsdepartementet 12. mars får Solberg også eit råd frå sin dåverande visestatsminister, Trine Skei Grande.
Ho var kunnskapsminister og klokka 9:15 sende ho beskjed om at departementet tilrådde å stenge skolane.
– Den beskjeden eg gav var at me råda nedstenging av skolane. Det var mange store kommunar som allereie hadde gjort det, difor burde me ha ein mest mogleg lik praksis. Det var mange lærarar, foreldre og barn som var engstelege, seier Grande til NRK.
- LES OGSÅ
Arkitekten bak kven som fekk fortsette
Ho fortel også at det var kunnskapsdepartementet som var arkitekten bak forslaget at visse grupper skulle få fortsette på skolen, sjølv om dei stengde for dei fleste.
– Me foreslo å gje skoletilbod til alle utsette barn og ungar som hadde krevjande forhold heime. Og alle barn av nøkkelpersonell, seier ho.
Men Grande visste ikkje kva som ville skje, før ho såg pressekonferansen til Solberg på TV kl. 14, fortalde ho til VG i helga.
– Du var regjeringa sin nr. 2, visestatsminister og kunnskapsminister. Var det uproblematisk at du ikkje visste noko før du såg det på TV?
– Me følgde dei prosedyrane som var laga. Så trur eg me må evaluere og sjå om det er dei riktige prosedyrane, seier Grande.
Frykta grupper ville sette seg imot tiltaka
Erna Solberg gløymde at ein ikkje skulle handhelse då ho møtte på pressekonferansen 12. mars. Helseminister Bent Høie greip inn.
Foto: Lise Åserud / NTB/SCANPIXErna Solberg fortel at ho ikkje var stressa då ho tok avgjersla om å stenge Noreg, men kjende at ho hadde tatt den riktige avgjersla i ein usikker situasjon.
– Eg er ganske roleg på det. Eg var i det moduset då, at eg visste me måtte fatte ei avgjersle. Me måtte ha eit momentumskifte. Var nøgd til å gjere ei endring. Så var eg oppteken av at me måtte vere open og ærleg rundt alt det me ikkje visste.
– Då du sto på podiet, var du trygg på at folk kom til å følgje dei tiltaka de sette i verk, eller var du redd for folk skulle syns det var for inngripande?
– Eg hadde fått ei tydeleg oppleving av at folk meinte me burde ha strengare tiltak i Noreg. Mange hadde byrja bli ganske redde. Så eg hadde ei forståing av at mange ville syns dette var riktig. Men det du alltid er redd for er at det er nokre grupper som vil sette seg imot eller reagere eller anna, seier Solberg.