Hopp til innhold

Solberg: – Mange skular har nok laga litt strengare reglar enn det som ligg til grunn

Statsministeren er einig med Helsedirektoratet i at mange skular har tolka smittevernreglane for strengt.

glNGh2llcTY

Statsminister Erna Solberg (H).

Foto: Lise Åserud / NTB SCANPIX

Torsdag sa assisterande helsedirektør Espen Nakstad at dei fleste skular bør kunne ha tilnærma normal drift. Han oppfordra skulane og kommunane om å lese smittevernrettleiaren grundig.

– Slik rettleiaren er i dag er det mogleg å drifte tilnærma normalt for dei fleste skular. Kombinert med mykje uteskule no mot sommaren bør gjere det mogleg å ha ganske lange skuledagar og ei meir normal drift, sa Nakstad.

På spørsmål om ho er einig med Nakstad i at dei fleste skular no kan ha tilnærma normal drift, har statsminister Erna Solberg følgjande svar:

– Om assisterande helsedirektør seier dette så er det nok riktig. Vi opplever nok og at mange skular har laga litt strengare reglar enn det som ligg til grunne i smittevernrettleiaren.

Fagleg vurdering

Statsministeren understreka at smittevernrettleiaren er basert på ei fagleg vurdering frå helsestyresmaktene.

– Det er ikkje politisk bestemt. Vi bestemte tempoet i opninga, medan smittevernkriteria er ei fagleg vurdering, seier ho.

Solberg meiner diskusjonen om meir samordning av smitteverntiltaka i skulane er ein diskusjon mellom helse- og skulestyresmaktene.

– Det som er viktig for oss er å akseptere at skulane er veldig forskjellige, arealutfordringa er veldig forskjellig. Det må det vere ein litt forskjellig praktisering av skulekvardagen.

Er smittevernreglane uklare?

– Det er ein rettleiar og ikkje ein fast fasit på alt, så det er sånn at det er tolkingsrom i denne rettleiaren og det er mellom anna sidan skulane i Noreg er veldig forskjellige.

Er det eit problem at det er ulik praktisering av reglane på forskjellige skular?

– Det må vere rom for lokal praktisering, men alle skal ha ein likeverdig opplæringssituasjon og moglegheit til å lære, svarar Solberg.

Espen Nakstad

Assisterande helsedirektør Espen Nakstad.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Fleire har klaga på undervisningstilbodet

27. april vart skulane opna for barn frå 1. til 4. klasse. Mellom 11. og 15. mai opna skulane for alle elevar.

Solberg og Nakstad sine utspel kjem etter at både Utdanningsforbundet, Barneombodet og fylkesmennene denne veka varsla om store variasjonar i undervisningstilbodet på skulane rundt omkring i Noreg.

– Mange barn har knapt vore på skolen, sa barneombod Inga Bejer Engh på tysdag.

Onsdag meldte leiar i Utdanningsforbundet, Steffen Handal, om store lokale forskjellar på undervisningstilbodet etter gjenopninga.

– Dette er alvorleg på den måten at elevane ikkje vil få eit fullgodt tilbod. Ein kan først og fremst sjå for seg at elevane vil få et ulikt tilbod rundt omkring i landet.

Han er bekymra for at stenginga, heimeundervisninga og gjenopninga av skulane har kravd så mykje ressursar at det vil svekkje undervisninga til hausten.

Kunnskapsministeren og statsministeren besøker Apaløkka skole

Statsminister Erna Solberg (H) og kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) besøkte 10. trinn på Apalløkka skole 11. mai.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Bekymra for elevar med krav på spesialpedagogisk hjelp

Fleire av bekymringane vart bekrefta i fylkesmennene sin nye rapport om gjenopninga. Dei skriv mellom anna at fleire elevar på mellomtrinnet har fått mindre oppfølging enn dei har krav på etter gjenopninga av skulane 11. mai.

Dei skriv og at enkelte kommunar har lagt opp til at elevane skal arbeide heime fleire dagar i veka og at dei går ut frå at desse elevane får lite eller inga oppfølging frå lærarar desse dagane.

Fylkesmennene skriv og at fleire elevar med behov for spesialpedagogisk hjelp har fått langt mindre tilrettelegging enn dei har krav på. Fylkesmennene er særleg bekymra for desse elevane.

Statsminister og kunnskapsminister på skolebesøk

Kunnskapsminister Guri Melby (V) og statsminister Erna Solberg (H) på besøk med elevar ved Ellingsrudåsen skole i Oslo.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Ein god del barn får eit for dårleg tilbod

20. Mai hadde kunnskapsminister Guri Melby (V) følgjande kommentar til fylkesmennene sin rapport om gjenopninga av skulane.

– Den viser at det er stor variasjon i tilbodet. Det er mange barn som får eit godt tilbod der kommunar og skular har strekt seg langt for å finne gode løysingar, men ein god del barn får eit for dårleg tilbod.

Melby understreka samstundes at rapporten er prega av at den er frå tida rett etter gjenopninga:

– Det er grunn til å tru at ikkje alle skular var i gang med full aktivitet då, og at dei no etter enda ei veke har fått på plass enda betre løysingar.

AKTUELT NÅ