Erna Solberg klar for Krekar-saka

Onsdag skal Erna Solberg i vitneboksen i rettssaka mot mot Najumuddin Faraj Ahmad (55) – betre kjend som Mulla Krekar.

Mullah Krekar og Erna Solberg

Onsdag møter Erna Solberg Mullah Krekar i retten.

Foto: Scanpix

Mullah Krekar er tiltalt for å ha drapstruga Erna Solberg, etter at han forsikra om at ho ville «betale prisen» dersom han vart utvist og drepen i heimlandet.

Onsdag klokka 9.30 skal Høgre-leiaren vitne i rettssaka som føregår i Oslo tinghus.

Det var i juni 2010 at Mullah Krekar kom med trugslane under ein pressekonferanse. Trugselen enda med at Framstegspartiet politimelde Krekar, og at han seinare vart tiltalt for drapstrugslar.

(artikkelen held fram under klippet)

Video Krekar truer

KLIKK FOR VIDEO: Her trugar Krekar Erna Solberg. Krekar vert oversatt i slutten av klippet.

I 2003 sørga Solberg for at det vart fatta vedtak om å kaste Krekar ut av landet på grunn av band til terroristorganisasjonar i utlandet.

– Eg synest ikkje at det er hyggjeleg, men den viktigaste kommentaren er at ingen skal få truge seg til å få opphald i Noreg, sa Erna Solberg til NRK same dag som trugselen kom.

– Har ingenting i mot ho

Krekar uttalte seg om Erna Solberg under rettssaka fredag i førre veke.

– Når det gjeld Erna Solberg, har eg ingenting i mot ho. Og når det gjeld det norske samfunnet, har eg ingenting anna enn kjærleik for det.

Han hevda at han ikkje ein gong visste kva slags stilling Solberg hadde då utvisingsvedtaket vart fatta.

– Då eg nemnde namnet hennar, var det berre eit namn som dukka opp utan at eg visste kven dei andre involverte var. Hadde eg kjent til andre norske namn, ville eg kanskje nemnd dei, sa han.

Samanlikna seg sjølv med bin Laden

Under rettssaka bruke Krekar Osama bin Laden som ein figur han gjerne ville bli samanlikna med.

– Eg er ferdig med denne saka, det var ikkje ein trugsel i det heile teke. Dersom eg ville truge henne, ville eg ha kome med ein direkte trugsel med mi eiga stemme og omsett det. Det ville ha vore skammeleg for meg å ikkje vere like modig som for eksempel Osama bin Laden.

Regjeringa har ikkje sendt Krekar tilbake, fordi dei ikkje er overbevist om at han vil unngå dødsstraff i Irak.

NRK.no følgjer rettsaka.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger