Hopp til innhold

Erna skeptisk til dobbelt-Erik

– Det overraskar meg at når klima og miljø skal vera den viktigaste satsinga for regjeringa, så skal Erik Solheim er stor nok til å vera både miljø- og utviklingsminister. Det seier høgreleiar Erna Solberg.

 

Erna Solberg
Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

– Eg trudde at regjeringa såg at dei trong ein sterk minister som berre skulle jobba med miljøvern.

Korleis Solheim skal greia å vera miljøvernminister og utviklingsminster på ein gong, er eit ope spørsmål for Solberg.

Høyr òg: Solheim-debatt i Dagsnytt 18

Syndebukkar

Dei to SV-statsrådane som er bytte ut har måtta tola mykje kritikk, både frå eige parti, politiske motstandarar og frå media. Men Solberg vil ikkje peika ut syndebukkar i regjeringa.

– Det ligg i korta at Helen Bjørnøy og Øystein Djupedal er gjort til syndebukkar for at SV ikkje har greidd å få gjennom fanesakene sine i regjeringa. Men den skulda ligg på bordet til Kristin Halvorsen, seier Solberg.

Ho meiner at det er leiinga og ikkje fagstatsrådane som må ta ansvar for politikken til ei regjering.

Dette endrar ikkje politikken

Likevel trur ikkje høgreleiaren at omkalfatringa i regjeringa får noko fylgjer den politiske kvardagen i Noreg.

– Det er politikken til regjeringa som er veik, ikkje statsrådane. Og politikken og budsjettet ligg fast, seier Solberg. Ho meiner at uitskiftingane mest av alt ser ut som eit som eit grep for å løysa nokre problem i SV.

Skeptisk til deling av departement

Også Kunnskapsdepartementet har fått nytt mannskap, men heller ikkje her trur Solberg at ein vil merka noko til skiftet.

– Diverre må må leva med leva med kvileskjæret i forskinga i minst eitt år til. Eller iallfall til revidert statsbudsjett vert lagt fram.

For sjølv om Solberg er glad for at regjeringa no signaliserer at dei vil styrkja høgre utdanning, så er ho skeptisk til delinga av kunnskapsdepartementet.

– Eg er redd for at det å skilja mellom vidaregåande- og høgre utdanning vil gjera at ein misser heilskapen i utdanningsløpet.

Og ho legg heller ikkje skjul på at ho gjerne skulle sett barnehagane i eit anna departement enn kunnskapsdepartementet.

– Det er den einsidige fokuseringa på barnehagar som har vore hovudproblemet med arbeidet i utdanningspolitikken. Og dette trur ikkje Solberg vil endra seg slik departementet no er delt inn.

Velkomen, Manuela!

Høgreleiar Erna Solberg synest det er flott at Noreg har fått sin fyrste minister med med ikkje-nordisk bakgrunn.

– Manuela Ramin-Osmundsen er ei kompetent og dyktig kvinne, seier Solberg.

Og som ny barne- og likestillingsminister får Osmundsen òg overført arbeidet med integreringsspørsmål til departementet sitt.

– Dette ser eg som ei innrømming av at Bjarne Håkon Hanssen ikkje har fått til det han utpeika som den viktigaste satsinga då han gjekk på som minister.

Les òg:

Den nye regjeringa

- Vil følge henne med argusøyne

Tre statsråder ut, tre inn

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger