Hopp til innhold

Er Siv Jensen folkeleg?

Myten seier grilldress, campingvogn og grandiosa. Men stemmer det for sjefen sjølv?

Frp-leder Siv Jenssen i campingvogn
Foto: Øyvind A. Haram / NRK

Eigentleg skulle ho førebu seg på landsmøtetale. NRKs Her og nå kan derimot fortelje kva Siv Jensen brukte kvelden før kvelden på.

Ho let seg lokke til livet Bjarne Håkon Hanssen meiner ho og alle andre Frp-folk lev: i grilldress på campingplassen.

Kven vil invitere meg?

Idyllisk til ved Stjørdalselva ligg Torpet camping. Eigar av campingplassen, Jeanett Hansen, opna villig opp ei av campingvognene for partileiaren frå Framstegspartiet.

- Dette ligger svært flott til. Så fint det er her da. Her er det jo mogeleg å bu.

Siv Jensen lar seg sjarmere ved kanten av elva og røper at også ho har budd i campingvogn.

- Ja ein gong for lenge sidan, då eg var lita. Sidan det er ei stund sidan, er ho ikkje framand for nye turar.

- Det er jo litt liten plass ei slik vogn, så ein må då vere glad i den ein dreg på tur saman med.

- Blir du med om nokon byr deg med på tur?

- Om det er den rette så gjerne.

Frp-leder Siv Jensen i campingvogn
Foto: Øyvind A. Haram / NRK

Poeng på folkelegskapstesten

Siv Jensen frå Marienlyst i Oslo, bur i dag på Nordstrand, handlar på nærbutikken, men likar og delikatessealternativet i nærleiken. Likevel ho scorar fleire poeng på NRKs folklegskapstest.

- Grandiosa eller biff? Begge delar, men gjerne Grandiosa.

- Syden eller Verona? Begge delar, men tek helst turen i Noreg. I sommar skal eg på rorbuferie.

- Eig du grilldress? Å ja, den er litt gammal og grå. Alle i Noreg gjer det, det er eg sikker på.

- Går du til butikken i grilldress? Utan tvil, kvifor ikkje? Gjerne også i slippers.

Alt i alt, partileiaren imponerer på vår test. Kanskje var ikkje karakteristikken frå Bjarne Håkon Hanssen så feil likevel?

AKTUELT NÅ