Er du SAS-kunde? Dette skjer nå

Etter ei veke vart SAS-streiken avblåst. Men det kan framleis ta eit døgn innan flya går som normalt.

Rickard Gustafson

STREIKEN OVER: Konsernsjef Rickard Gustafson i SAS.

Foto: Fredrik Persson / AFP

Konsernsjef Rickard Gustavson opplyste på ein pressekonferanse klokka 23 torsdag at pilotstreiken er over.

Men framleis vil det gå tid før alle flya går som normalt.

– Vi kjem i gang som normalt så fort vi berre kan, men realistisk vil det skje om kanskje et døgn. Ein del fly er på feil plass, og det tar også tid å få personale på riktig stad, seier Gustavson til NRK.

Informasjonssjef Knut Morten Johansen seier det framleis er nokre logistikkutfordringar med kabinpersonale som skal i posisjon.

– For kvar time som går kjem vi tilbake til normalen. Trafikken går som den skal. Eitt og anna fly vil bli kansellert, men vi er glade for å vere tilbake igjen. Utpå dagen i dag skal vi vere godt i gjenge, seier Johansen.

Johansen meiner dei tilsette er ekstra motivert i dag.

– I eit normalprogram er det godt over 800 avgangar på ein dag som i dag. Nokre titals er innstilt, så vi er i ein heilt annan situasjon enn dei siste dagane. Det er nokre passasjerar som ikkje heilt har orientert seg ennå, så eg trur programmet i dag dekker veldig mykje av behovet, seier han.

380.000 ramma

Det kan bli kaotisk for SAS-passasjerar også etter streiken er over. Så langt har over 380.000 passasjerar vore ramma av SAS-streiken.

På Twitter-kontoen til SAS ber dei passasjerar undersøke nettsida før de reiser til flyplassen.

52 avgangar er allereie innstilt ved dei åtte største flyplassane i Noreg fredag:

  • Oslo: 13
  • Bergen: 13
  • Stavanger: 7
  • Tromsø: 5
  • Ålesund: 4
  • Kristiansand: 4
  • Trondheim: 4
  • Bodø: 2

Det er også enkelte innstillingar frå Alta, Harstad/Narvik, Haugesund, Kristiansund, Molde og Svalbard. I Kirkenes går alt som normalt.

Hege Myrvold

Hege Myrvold.

Foto: Andreas de Brito Jonassen / NRK

Mange av dei som skal av garde frå Oslo Lufthavn i dag er russ. I helga er det russetreff i Kongeparken utanfor Stavanger.

Hege Myrvold frå Lørenskog skal fly til Sola med vennane sine.

– I går visste vi eigentleg veldig lite. Det var veldig usikkert, og alle i gruppa var kjempestressa. Vi hadde tog som backup-plan, men nå ordnar det seg. Det er veldig fint at det blei over rett før vi skulle dra, seier ho.

Kristine Magerøy frå Ski skal også til Sola.

– Vi sat oppe til midnatt, og sto opp klokka 5 i dag. Så eg er ganske trøtt og sliten. Eg blei veldig glad og letta, og sat og jubla og koste meg. Eg sjekkar framleis nesten kvart minutt, og det står at flyet skal gå, seier ho.

Kristine Magerøy og Synne Antonsen

Synne Antonsen og Kristine Magerøy (h).

Foto: Andreas de Brito Jonassen / NRK

Venter erstatningssaker kjem inn

Kommunikasjonssjef Knut Morten Johansen i SAS seier dei ventar erstatningar etter at så mange er råka.

– Vi betaler ut erstatningar etter gjeldande lover og regler. Det vil si at vi dekker alle relevante utlegg.

– Vil det seie til dømes hotellopphald og fotballbillettar?

– Eg kan ikkje behandle saker her. Det som er viktig for ein passasjer er at du samlar kvitteringar til direkte relevante utlegg, seier Iversen.

Transportklagenemnda har så langt motteke mellom 20 og 30 krav om økonomisk kompensasjon frå SAS-kundar, skriv Flysmart24.

SAS har avvist alle krava. Dei må derfor behandlast av flyklagenemnda.

- Det er ganske mange mennesker SAS har tapt omdømmet hos under streiken, sier Jan Blichfeldt. Han er rådgiver og daglig leder i BTF Innsikt.

- Det er ganske mange menneske SAS har tapt omdømmet hos under streiken, seier Jan Blichfeldt. Han er rådgivar og dagleg leder i BTF Innsikt.

Passasjerar kan ha krav på erstatning

Undervegs i streiken har Forbrukarrådet hevda at SAS kan måtte gå lengre når det gjeld kompensasjon.

Dei meiner passasjerar kan ha krav ifølgje eit EU-reglement

I utgangspunktet har kundar krav på ein kompensasjon når eit fly er innstilt eller har ein litt lenger forseinking. Avhengig av lengda på reisa, er beløpet mellom 250 til 600 euro.

Dette er ein kompensasjon der du ikkje treng kvittering eller dokumenterte utgifter. Med ei slik ordning kan passasjeren også bli kompensert for såkalla tort og svie.

Men denne erstatningsplikta kan flyselskapet gå fri frå viss det er snakk om ein såkalla ekstraordinær omstende som fører til kanselleringa eller forseinkinga.

– Dette er definitivt ei ekstraordinær sak, seier Johansen.

Forbrukarrådet meiner at denne streiken ikkje skal frita SAS frå erstatningsansvaret.

– Tungtvegande grunnar talar for at dette kan vere ein omstende som ikkje er ekstraordinær i og med at det er streik i eige selskap. Eit selskap som SAS må forvente at det blir streik med ujamne mellomrom og planlegge for det, seier Iversen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger