Hopp til innhold

Er dette jord eller stein?

I over ett år har entreprenøren og Statens vegvesen krangla om dette er jord eller stein. Jord, meiner vegvesenet. Stein, seier entreprenøren. No kan spørsmålet gå til retten.

E16

I over ett år har Statens vegvesen og entreprenøren krangla om dette er jord eller stein. Spørsmålet kan ende i retten.

Biletet fortel kanskje ikkje hele sanninga for det kan ha vore meir jord på steinane før biletet blei tatt. Uansett; krangelen har pågått i over eitt år, og kan ende i retten.

Krangelen er typisk for situasjonen i anleggsbransjen.

Både Byggenæringens Landsforening og Statens vegvesen stadfestar at dei har gåande konflikter om ein sum på godt over ein milliard kroner. Dette er tvistesaker som ikkje er kjørt inn for rettsvesenet.

I faktaboksen ved sidan av ser du at mange saker også blir kjørt inn for retten.

Kranglane går på alt frå kven som skal betala for uføresette hendingar, til mindre, men tidkrevjande, kranglar om til dømes det vi ser på biletet; kva er jordmasser og kva er stein.

Jon Sandnes

Jon Sandnes, administrerende direktør i Byggenæringens Landsforening.

Foto: BNL

Tvistane er tid- og personkrevande, og vi som reiser med bil skal til slutt betale rekninga for meirarbeidet.

Administrerande direktør Jon Sandnes i Byggenæringens Landsforening, BNL, er uroleg over situasjonen.

Urovekkjande

– Konfliktnivået er urovekkjande. Det blir feil å bruke dyrebar kunnskap og kompetanse på å handtere det som ikkje burde ha vore konflikt, i staden for å vera med og rekne på nye oppdrag, seier Sandnes, og legg till:

– No er det gått så langt at enkelte entreprenørar brukar meir tid på å krangle med dei store statlege byggherrane enn å sjå framover og kjempe om tilslaget på nye kontraktar.

Leiar i Veidekke Region Anlegg, Nils Hæstad, sa dette til bransjebladet bygg.no då dei trakk seg ut av kampen om den store Oslo S-kontrakten på Follobanen:

"...Tilstanden i bransjen er no slik at vi har fleire store rettslege tvistar mot offentlege byggherrar på anleggsprosjekt. Vi må bruke dei beste hovuda på dette for å få pengane vi skulle hatt i utgangspunktet..."

Føler seg ført bak lyset

Skanska-sjef Ståle Rød føler seg ført bak lyset av Jernbaneverket etter å ha brukt fleire titals millionar kroner på å lage eit tilbod på ein jobb på Oslo S. Jernbaneverket avlyste heile kontrakten på grunn av manglande konkurranse.

Ståle Rød

Ståle Rød, administrerende direktør i Skanska Norge AS

Foto: Herman Dreyer

– Vi vurderer rettslege steg mot Jernbaneverket etter den behandlinga vi fekk, seier Rød til NRK.

Kjenner seg igjen

I vegvesen og Jernbaneverket kjenner dei seg igjen i karakteristikken av konfliktnivået, men assisterande jernbanedirektør Gunnar Løvås tilbakeviser at dei har ført bransjen bak lyset.

– Vi brukar energi på å løyse konfliktar vi gjerne skulle unngått, men det er store kontraktar og kompliserte tekniske forhold. Sjølv om vi prøver å avtale i detalj kven som har ansvar for ulike ting, vil det oppstå ting som vi må bruke tid på.

I Statens vegvesen erkjenner byggherreansvarleg Bettina Sandvin at konfliktnivået er høgt.

– Det er fleire konfliktar enn før, og vi ser at summane er større. Det hardnar til, og det jobbar vi for å snu, seier ho.

AKTUELT NÅ