Hopp til innhold

Er bilen din klar for sommaren?

Sjølv om mange vakna opp til nysnø i dag, så er det fleire stader i landet der bilistar snart bør skifte frå piggdekk til sommardekk. Men kva for dekk passar til din bil? Og er dei gamle dekka frå i fjor framleis godkjente? Her får du råd frå ein ekspert.

Hjulskift

Fleire stader i landet er det på tide å skifte til sommarhjul.

Foto: Brirthe Bringsvor / NRK

– Skift hjula sjølv! Det er god trening til den dagen du eventuelt punkterar på vegane, seier Jan Ivar Engebretsen som er kommunikasjonsrådgivar i NAF. Engebretsen seier at dette er ei fin anledning til å sjekke at du har alt utstyr i bilen, og at det fungerer.

Instruksjonsboka har alt du treng å vite når du skal skifte hjul. NAF oppmodar også å ha ein hageslange klar, slik at ein kan spyle vekk skitt og salt som har samla seg i løpet av vinteren.

Jan Ivar Engebretsen, Kommunikasjonsrådgiver NAF

Jan Ivar Engebretsen har mange råd og tips til dei som skal skifte til sommarhjul dei komande dagane.

Foto: Gøril Furu / NRK

– Ta også eit visuelt overblikk når du først har fjerna hjulet. Korleis står det til med bremseklossane og styringssystemet? Slikt er greitt å sjekke når ein har moglegheita, men ikkje legg deg under bilen dersom du berre har jekk, seier Engebretsen.

Korleis velje rett sommarhjul?

Val av rett dekk til din bil er avhengig av køyretøy, køyrestil og køyreforhold. Dersom du alt har eit sett med sommarhjul så er det fleire ting ein bør kontrollere før ein legg ut på vegane med brukte dekk.

– Minimumskravet for dekkmønster er 1,6 millimeter. Men ut ifrå dei testane NAF

har gjort, så anbefaler vi ingen å køyre på mindre enn 3 millimeter, seier Engebretsen. Det har med faren for vassplaning å gjere.

Men sjølv om dekka har nye mønster, så kan dekka vere harde og farlege.

– Sjekk om dekka har rifter, riper eller sprekkar i gummien. Oppsøk fagfolk om du er usikker! Dekk bør lagrast mørkt, tørt og kjølig for å ha optimal avgrensing av aldringsprosessen.

Engebretsen anbefaler å ta dekktesten på nettsidene til NAF.

  • NRKs Nitimen prøvde seg på dekkskift, og fekk fleire tips frå Jan Ivar Engebretsen i NAF. Høyr innslaget i sendinga her.

Saka held fram under biletet.

Sjekker mønsterdybde på trailer

Sjekk mønsterdjupna på dine gamle sommardekk. Kravet er 1,6 millimeter, men NAF anbefaler minst 3 millimeter.

Foto: Liv Govasli / NRK

– Hugs å ettertrekke!

Når ein skiftar hjul sjølv, er det viktig å følgje instruksjonane nøye. i 2014 hadde NAF 520 tilfelle av bilar med lause hjulboltar, og 309 tilfelle der bilen hadde mista hjulet under køyring.

– Det er viktig å sjekke at hjulboltane er reine for skitt og grus. Skru mutterane for hand, og deretter må du stramme til med verktøy. Men pass på å ikkje skru altfor hardt til, seier Engebretsen.

Han oppmodar om å køyre til næraste bensinstasjon for å sjekke lufttrykket. Dette må skje medan dekka er kalde.

– Etter at du har sjekka lufttrykk kan du ta ein køyretur på rundt 20 kilometer. Når du er heime igjen så ettertrekker du for siste gong.

AKTUELT NÅ