Hopp til innhold

Engelsk pressar ut norsk i arbeidslivet

Bruk av engelsk breier seg i norsk næringsliv, også i selskap der staten er ein dominerande eigar.

Stillingsannonser
Foto: Paal A. Svendsen / NRK

Samstundes er det offisiell norsk politikk å demma opp for engelsken.

Stillingsannonsar, særleg i oljenæringa, men også "på land", er døme på at engelsken breier seg. 

Stillingsannonsar, særleg i oljenæringa, men også "på land", er døme på at engelsken breier seg.

Internasjonalt

- Vi er eit internasjonalt selskap i ein internajsonal industri og vender oss til ein internsjonal arbeidsmarknad, seier informasjonsdirektør Ola Morten Aanestad i Statoil Hydro.

Oljeindustrien er ikkje åleine om å utlysa stillinger på engelsk. Det Norske Veritas, DnB NOR, SINTEF og Adecco gjer det same i norske aviser som få eller ingen utledningar les.

- I mange tilfelle er bruken av engelsk uttrykk for jåleri, seier språk- og datamannen Per Bjørn Pedersen som har lang røynsle frå oljenæringa.

Inntrykk

- Språk blir ikkje berre brukt for å formidla eit innhald men også inntrykk, seier han.

Han meiner norsk står svakare som oljespråk i dag enn for 20 år sidan, og vil at styresmaktene stiller krav til bruk av norsk i selskap der Staten har eigarinteresser.

- Dei må gje klarare signal og retningsliner for at norsk skal brukast og at ein skal unngå unødvendig bruk av engelsk i Noreg, seier Pedersen.

AKTUELT NÅ