Elsparkesyklist tar på seg skulda etter ulukke

Mannen som køyrde på ei kvinne med elsparkesykkel i Oslo i fjor haust, erkjente straffskuld då saka mot han starta i Oslo tingrett i dag.

Elsparkesykkelkontroll

KONTROLL: Statens vegvesen sjekkar ein elsparkesykkel.

Foto: Bjørn Atle Gildestad / nrk

Den 48 år gamle mannen er tiltalt for brot på straffelova og fleire brot på vegtrafikklova.

Testar av elsparkesykkelen mannen hadde, viser at han kunne koma opp i ein fart på 48 kilometer i timen.

«Ja», svarte mannen, utan å nøla, då han i Oslo tingrett i dag blei spurt om han erkjente straffskuld etter tiltalen.

Har inngått et rettsforlik

Anne Våge, som blei påkøyrt, fekk hjernebløding og kuttskadar i panna. Ho var innlagt to veker på sjukehus og deretter sjukmeldt i fire månader. Ho slit framleis med koordinering av synet.

I rettssaka i dag kom det også fram at det har vore dialog mellom partane, og dei er samde om å inngå eit rettsforlik. Tiltalte ynskjer ikkje ein tvist med den fornærma kvinna.

Det sivile kravet var på omlag 30.000 kroner. Mannen som påførte Anne Våge skadane, har akseptert å dekka hennar krav fullt ut, i tillegg til erstatning på 70.000 kroner.

Gått på raudt lys?

Anne Våge sa i retten i dag at ho aldri går over gata på raudt lys.

Anne Våge i Bygdø Allé i Oslo

Anne Våge blei påkøyrt

Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK

– Eg har vakse opp i området, og det ligg i meg at eg aldri går over gata på raud mann. Men kva som har skjedd, har eg inga meining om, sa ho.

På spørsmål om ho kanskje hadde dårleg tid denne gongen, svarte ho:

– Nei, langt ifrå. Eg hadde god tid.

Men spørsmålet om ho likevel kan ha gått på raudt lys, blei problematisert. Mannen som står tiltalt, erkjenner straffskuld, men meiner likevel han har køyrt på grønt i krysset Bygdøy allé 7 og Frederiks Stangs gate.

– Eg såg fire grøne lys på stolpane nedover Bygdøy allé, sa mannen.

For høg fart

Men dette betyr likevel ikkje at han legg skulda for ulukka på Anne Våge. Og han vedgjekk at han køyrde fortare enn 20 km/t som er fartsgrensa for elsparkesyklar.

– Eg indikerte overfor politiet då dei kom, at eg kanskje kan ha køyrt i 27–28 km/t, sa han i retten.

Elsparkesykkel sjekkes etter ulykke

Elsparkesykkelkontroll

Foto: Bjørn Atle Gildestad / nrk

Speedometeret på sykkelen, som blei dokumentert av politiet og vist i retten i dag, viser fart på 34 km/t. Det er usikkert om det var farten i samanstøyten han hadde med Våge som speedometeret viser, eller om dette er farten på hjula etter ulukka då hjula låg fritt i lufta.

På spørsmål frå dommaren om han visste at elsparkesykkelen kunne oppnå ein fart på 48 km/t, svarte han.

– Nei, men eg visste at den kunne gå over 20 km/t.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger