NRK Meny
Normal

Elevar fortvilar over ukontrollert lærar-fråvêr

– Me ser dårlege spelefilmar og har «Hangman» på tavla, fortel eleven Kristoffer (18) om skuledagane før sommarferien. Skule-Norge strammar inn fråvêrsreglane, men utdanningsdirektoratet sjekkar ikkje om elevane har lærarar.

Kristoffer Hansen går på vidaregåande på Nesodden

- Når elevar kjem til elevorganisasjonen og fortel at dei ikkje har hatt lærar på lang tid, har me ingen tal til å backa opp den påstanden, fortel leiaren for elev-organisasjonen i Akershus, Kristoffer Hansen. Han meiner norske skular bør registrera fråveret til lærarane så vel som elevane.

Foto: Halldor Asvall / NRK

Etter ein søvnig skuledag slappar Kristoffer Hansen (18) av ved nokre gatemusikantar i Oslo.

Han er vidaregåande-elev på Nesodden og er leiar for elev-organisasjonen i Akershus. Etter eksamenane i mai, har det mangla på både lærarar og læring.

– Me spelar fotball og ser på dårlege spelefilmar frå 1950-talet. Andre gonger har me aktivitetar som «Hangman» eller andre barnslege ordleikar, som høyrer heime på barneskulen. Dette i regi av pensjonistar eller vikarar som ikkje har lærarutdanning, fortel Hansen.

Ingen kontroll over lærar-fråvêr

Kristoffer Hansen

Eleven Kristoffer Hansen (18) meiner det er bortkasta tid å møta til skuletimar for å leika, når læraren ikkje møter opp.

Foto: Halldor Asvall / NRK

Skular i heile landet strammar no inn på kor mykje elevane kan vera vekke frå skulen. Elevar som er ferdige med eksamenar i mai, må vera på skulen heilt til juni, før dei kan ta ferie.

Utdanningsdirektoratet kontrollerer likevel ikkje om skulane skaffar nok lærarar til alle timane.

I denne perioden er nemleg mange lærarar vekke, fordi dei er sensorar på andre skular.

– Me får ikkje undervisning, me kjem på skulen for å leika, det er noko me fint kunne ha gjort på eigahand utan tilsyn frå ein vaksen, seier han.

Vidaregåande-eleven Hansen meiner Kunnskapsdepartementet gjer urett når dei skjerpar inn fråvêrsreglane for elevane, utan å ha oversikt over om lærarane dukkar opp eller ikkje.

– Ein kan godt seia at det er urettferdig. Eg synest likevel ikkje at ein skal bli snillare med elevane, ein må berre bli strengare med lærarane, 18-åringen til.

Lærar-lause elevar til streik i Sør-Trøndelag

Ein politikar som har engasjert seg i problemet med lærar-fråvêr er Morten Ellefsen, som sit på Fylkestinget i Sør-Trøndelag for Framstegspartiet.

Han har bede fylkeskommunen om å innføra registrering av lærarlause timar.

– Bakgrunnen er at elevorganisasjonen tok dette opp og faktisk streika fordi det er for mange timar der elevane ikkje får skikkeleg undervisning, seier Ellefsen.

– Då er det viktig at skuleeigar tek dette på alvor. Me må ha oversikt over kor stort problemet er, og på kva for nokre skular. Det er vanskeleg å gjera noko med eit problem om ein ikkje kjenner omfanget av det, påpeikar Frp-politikaren.

Kunnskapsministeren negativ til lærar-rapportering

Kristin Halvorsen

Kristin Halvorsen vil ikkje 'dynga skulane ned i meir byråkrati' ved å krevja fråvêr-kontroll med lærarane i norsk skule.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) meiner registrering av lærarane sitt fråvêr er ein dårleg idé.

– Dette ville vore ein rapporteringsjobb på toppen av veldig mange andre rapporteringsjobbar som me krev frå skulane. Me må rekna med at det er ansvarsfulle menneske som med vett og forstand følgjer opp dei rettane som elevane har rundt omkring på skulane.

Ho understrekar at det er viktig at elevane har lærarar.

– Men det er svært viktig at me ikkje dyngar skulane ned i meir byråkrati enn det som er høgst naudsynt, seier kunnskapsministeren.

Halvorsen oppmodar elevar som manglar lærarar til å ta problemet opp med skulen og eventuelt klaga til Fylkesmannen.

Ifølgje vidaregåande-eleven Kristoffer Hansen er det nettopp ved varsling at dei unge kjem til kort.

– Når elevar kjem til elevorganisasjonen og fortel at dei ikkje har hatt lærar på lang tid, har me ingen tal til å «backa» opp den påstanden. Eg har høyrt om ein klasse der halvparten av elevane strauk i matte fordi dei ikkje hadde lærar, men ein kan ikkje bevisa at det har skjedd. Me må kartleggja slik at politikarane trur oss, seier han.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger