Hopp til innhold

Ekstremvêret Tor sett vindrekord

På Kråkenes fyr i Sogn og Fjordane er det sett ny målingsrekord i dag. Ifølgje Meteorologisk institutt vart det registrert middelvind på 48,9 meter i sekundet.

Stormen i måløy

– Dette er ein av dei største målingane vi har hatt. Vi har ikkje målt verdiar opp i 47 meter i sekundet tidlegare, seier statsmeteorolog Bente Marie Wahl.

Statsmeteorolog Bente Marie Wahl snakker om ekstremværet Tor

Meteorologisk institutt har ikkje registrert så sterk vind ved Kråkenes fyr før.

– Mykje vind

Under nyttårsorkanen i 1992 var det ikkje målestasjon på Kråkenes fyr, som ligg yttarst på Vågsøy, om lag to mil frå Måløy.

– Men under Dagmar i 2011 målte stasjonen 45,6 meter i sekundet. Så det er ingen tvil om at det er mykje vind no, seier Wahl.

Ikkje over enno

Statsmeteorologen seier vinden trekk seg nordover.

– Akkurat no er det kraftigast nord i Sogn og Fjordane og på Sunnmøre, men utover kvelden er det Trøndelag sin tur. Utover natta drar det seg til nordover til Helgeland.

AKTUELT NÅ