Ekstremveret har gitt seg

Det er hittil ikkje meldt om skadar etter ekstremvêret «Geir», som ramma Aust- og Sørlandet i går kveld og i natt.

Vått på Rådhusplassen i Oslo fredag kveld.

Kraftig regn på Rådhusplassen i Oslo i går under VG-lista Topp 20-konserten, men det tok folk med godt humør.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Det verste vêret har no gitt seg, sjølv om det framleis regnar ein del stader. Statsmeteorolog Per Egil Haga fortel til NRK at det meste av nedbøren kom i delar av Telemark og Oppland. Det registrert mellom 40 og 50 millimeter nedbør på Meteorologisk institutt sine stasjonar.

Mest i Telemark

Mest nedbør er det registrert på målestasjonen Tveitsund i Telemark med 47 millimeter. På Skåbu i Oppland vart det registrert 46 millimeter, på Beitostølen i Oppland 40 millimeter og på Fåvang i Oppland 39 millimeter nedbør.

I går varsla meteorologane om at det kunne kome ekstreme nedbørsmengder, opp til 80–90 millimeter ein del stader, men det vart truleg ikkje fullt så ille.

Kraftig regn i Oslo.

Det regna kraftig fredag kveld og i natt, men det vart ikkje så ille som frykta.

Foto: Anette Fongen / NRK

Minkande nedbørsaktivitet

I vêrmeldinga frå Meteorologisk institutt klokka seks i dag tidleg heiter det at nedbørsaktiviteten er minkande. Det er venta opphaldsver i Agder og Telemark, men det blir regn igjen i kveld i Agder, og til natta også i Telemark.

I Buskerud og Oppland er det venta enkelte regnbyer i dag. Frå ut på ettermiddagen kan det kome lokalt kraftige byger i Oppland og øvre del av Buskerud. Søndag er det venta regn av og til i desse områda.

Ekstremværet Geir

Ekstremvêret «Geir» vart ikkje så ille som varsla.

Foto: yr.no/kart

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger