Hopp til innhold

Ekspert­gruppe: Vil auke barne­trygda og fjerne kontant­støtta

Barnetrygda bør auke og dei rike må betale meir i skatt for å finansiere ho. Det er anbefalingane til regjeringa om barn i fattigdom.

Kjersti Toppe og Mari Rege

BARNDOM: Kjersti Toppe tok i mot rapporten om barn i fattige familiar frå Mari Rege, leiar i ekspertutvalet.

Foto: NTB

Talet på barn som veks opp i fattigdom har auka dei siste tjue åra. 115 000 barn vaks opp i ein familie med vedvarande låg inntekt i 2020.

Å auke barnetrygda til 31.535 kroner i året for alle barn og fjerne kontantstøtta, er blant anbefalingane til regjeringa for hindre at barn veks opp i fattigdom.

I dag er barnetrygda på mellom 15.720 og 30.192 kroner i året.

Mari Rege

Mari Rege, professor i samfunnsøkonomi ved Universitet i Stavanger, er leiar for ekspertutvalet.

Foto: NTB

– Verdien til barnetrygda har blitt svekka over tid. Så lenge barnetrygda ikkje er skattlagt, vil ho vere dyr å auke. Samtidig vil ho ikkje gi ekstra støtte til dei fattige, seier Mari Rege, leiar for ekspertutvalet.

Difor vil dei skattlegge barnetrygda.

– Då vert ho omfordelande. Det vil gi barnefamiliar med låg inntekt ein solid auke i inntekt. Samtidig vil alle barnefamiliar, bortsett frå dei 30 prosent rikaste, komme likt ut som før eller betre.

Dei anbefaler at barnetrygda blir justert med prisstiging og at ho vert finansiert delvis ved at foreldrefrådraget blir avvikla.

I år la regjeringa fram forslag til neste års statsbudsjett. Då auka ikkje regjeringa barnetrygda.

Les også Auka bustønad og sosialhjelp, men ikkje barnetrygd

fattigdom

Vil også avvikle kontantstøtta

Ei anna anbefaling frå regjeringa sitt ekspertutval er ein ny modell for opptak til barnehage:

– Rett til barnehage frå den månaden barnet fyllet eitt år og automatisk tilbod om plass. Vi anbefaler også å avvikle kontantstøtta som gir insentiv til å utsette barnehagestart, seier Rege.

Det er barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) som tek i mot rapporten.

Kjersti Toppe

Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) har oppnemnt utvalet som no kjem med rapport og anbefalingar om barn i fattige familiar.

Foto: NTB

– Det er eit solid arbeid som har blitt gjort og vi har fått gode råd. Rapporten skal no bli sendt ut på høyring, seier statsråden.

Toppe seier at departementa satsar på at dei skal legge fram ei stortingsmelding om sosial utjamning og mobilitet i 2025.

– Eit tap for valfridomen til familiane

Grunde Almeland i Venstre seier at dei støtter forslaga til utvalet.

– Regjeringa prioriterer dessverre tiltak som treffer dårleg, seinast då dei foreslo å senke barnehageprisen i distrikta og behalde kontaktstøtta. Eg håper rapporten gir breiare oppslutning til å bruke pengar på målretta tiltak.

Også Rødts Mímir Kristjánsson seier at regjeringa bør følge opp tiltaka.

Stordemonstrasjon mot flyselskapet SAS

Mímir Kristjánsson (R) ber om meir handling, og færre utgreiingar.

Foto: Annika Byrde / NTB

– Regjeringa bør umiddelbart auke barnetrygda, sørge for ei årleg regulering, og gi full barnetrygd til alle barn, uansett alder. Raudt har allereie foreslått det som utvalet no anbefaler:

– Når folk må få mathjelp frå frivillige organisasjonar fordi ytingane ikkje er til å leve av, er det ei krise for velferdsstaten. Då trengst det handling, ikkje fleire utgreiingar.

Stortingets spørretime

Olaug Bollestad (KrF) meiner regjering bør behalde kontantstøtta.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Olaug Bollestad (KrF) er på andre sida ikkje eining i at regjeringa burde fjerne kontantstøtta.

– Om regjeringa lyttar til dette, er det eit tap for valfridomen til familiane. Familiane veit best om sin eigen familie.

Oppnemnt av regjeringa

I Hurdalsplattforma står det at «Fattigdom skal reduserast, særleg den som rammer barnefamiliar». Det er dette målet til regjeringa som er grunnlaget for rapporten.

Regjeringa oppnemnde ekspertgruppa i august i fjor.

Oppgåva dei fekk var å vurdere kva tiltak som har best effekt og korleis den offentlege innsatsen bør bli prioritert, heiter det i mandatet.

Støre og Vedum legger frem Hurdalsplattformen

Då statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) la fram Hurdalsplattforma.

Foto: Torstein Bøe / NTB

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger