Hopp til innhold

Meiner advokatfirmaet var i ein opplagd interessekonflikt då dei tok oppdraget

Fleire juristar er svært kritiske til at Finansdepartementet først valde å nytte seg av advokatfirmaet Arntzen de Besche. No snur departementet.

Nicolai Tangen tiltrer som sjef for Oljefondet september 2020.

NY OLJEFONDSSJEF: Nicolai Tangen skal etter planen starte som ny sjef i Oljefondet i september.

Foto: Tony Colli / NBIM

– Eg vil meine at Arntzen de Besche er inhabile til å ta del i saksførebuinga for departementet sin vurdering av dette, seier Jan Fridthjof Bernt.

Han er professor emeritus ved det juridiske fakultetet ved Universitetet i Bergen. Bernt har skrive fleire bøker om forvaltningsrett.

Finansdepartementet bad i dag lovavdelinga i Justisdepartementet om ei ny juridisk vurdering. Dei skal vurdere om finansministeren har lov å gripe inn i Tangen-saka. Samtidig sa Sanner at han vil gå i dialog med hovudstyret i Noregs Bank.

Hadia Tajik (Ap) tolkar det som ei innrømming av at det var eit feiltrinn å leige inn eit advokatselskap som i mai jobba for Nicolai Tangen.

– Lovavdelinga er dei fremste ekspertane

Jan Fridthjof Bernt meiner advokatselskapet er inhabile i saka. Sjølv om saka ikkje går på Tangen som person. Men på det heilt prinsipielle forholdet mellom departementet og Noregs Bank.

– I alle omstende må ein stille spørsmål om det er ein forsvarleg saksbehandling frå departementet si side.

– Kva meiner du om at dei ikkje nytta lovavdelinga i Justisdepartementet i denne saka frå starten av?

– Det er merkeleg. Sjølv om Arntzen de Besche har ein partnar som er ekspert på sentralbankloven. Så er det lovavdelinga som er dei fremste ekspertane på dette, seier Bernt.

Advokatfirmaet si utgreiing er ikkje noko anna enn ei meiningsytring. Om eit tvilsamt juridisk spørsmål, meiner jussprofessoren.

Den nye utgreiinga vil ha ei heilt anna tyngde, ifølgje Bernt:

– Det er vanskeleg å tenkje seg at nokon i departementet ville hevde noko anna enn lovavdelinga.

Jussprofessor Jan Fridthjof Bernt

Jussprofessor Jan Fridthjof Bernt

Foto: NRK

– Opplagd interessekonflikt

– Firmaet var opplagt i ein interessekonflikt da dei tok oppdraget. Dei opplyste departementet om dette. Departementet valde likevel å bruke dei, seier jurist Gøril Bjerkan.

Ho beskriv det som uforståeleg å bruke eit firma som har hjelpt Tangen i tilsetjingsavtalen hans med banken.

Ho legg til grunn det same argumentet som Arntzen de Besche brukte overfor NRK på tysdag.

Advokatar i eit advokatfirma blir identifiserte med kvarandre når det skal bli vurdert om det kan vere interessekonfliktar eller spørsmål om dei er uavhengige.

Arntzen de Besche er i enda ein habilitetskonflikt. Hadde dei konkludert med at Sanner kunne gripe inn, ville det indirekte ha vore kritikk av advokatfirmaet sitt eiget arbeid, meiner Bjerkan.

– Det er uforståeleg. Og kan kanskje berre bli forstått i lys av at departementet ønska sikkerheit for ei viss konklusjon. Ein konklusjon som bekrefta deira egen vurdering, seier Bjerkan til NRK.

Ho stiller og spørsmål ved kvifor Sanner ikkje involverte lovavdelinga i Justisdepartementet på eit tidlegare tidspunkt.

Gøril Bjerkan

Jurist Gøril Bjerkan.

Foto: Hann Røn Artnsen / NRK

Finansdepartementet: – Ser at det kan vere ulike syn

– Vår vurdering er at det ikkje er ein interessekonflikt her.

Det seier Kristina Storeng. Ho er seniorrådgjevar i Finansdepartementet si kommunikasjonsavdeling.

Det var partner i advokatselskapet, Sven Iver Steen, som hadde ansvaret for utgreiinga.

Steen skal på førespurnad om inhabilitet, sagt at han ikkje hadde bindingar som innebar interessekonfliktar i saka, fortel Storeng.

Ho fortel at Steen, før oppdraget vart gjeve, hadde opplyst dei om at ein anna partner i selskapet hadde hjelpt Nicolai Tangen i mai.

– Steen opplyste også om at advokatfirmaet etter avsluttinga av oppdraget 28. mai ikkje har hatt kontakt med Tangen, seier Storeng til NRK.

Ho fortel at advokatfirmaet vurderte det som samsvarande med god advokatskikk å lage utgreiinga.

Men vi ser at det kan vere ulike syn, seier Storeng.

Advokatselskapet: – Ikkje inhabile i denne saka

– Vi har ingen kommentar til dette, skriv Managing partnar Håvard Sandnes når NRK spør om dei har ein kommentar til dagens utvikling i saka.

NRK har stilt Arntzen de Besche ei rekkje spørsmål om kven som har jobba med dei to sakene. Vi lurer på om dei same personane som jobba med Tangen i mai, og har jobba med utgreiinga. Advokatselskapet ønskjer ikkje å gje ytterlegare opplysningar om dette.

– Utover det som er opplyst i brevet Finansdepartementet har sendt til Stortinget, seier Sandnes.

Sandnes har tidlegare sagt til NRK at det i vurderingar av eventuelle interessekonfliktar ikkje ser på det som avgjerande om det er same eller forskjellige advokatar som har jobba med sakene. Sidan advokatar i eit advokatfirma uansett vert identifiserte med kvarandre.

Altså, vil andre i selskapet også kunne bli rekna som inhabile, om partnaren som jobba med Tangen hadde vore rekna som det.

På spørsmål om habilitet viser Sandnes til brevet frå Sanner til Stortinget, og seier:

– Vår vurdering har vore at vi ikkje har bindingar som inneber interessekonfliktar i saka. Vår vurdering er også at vi er uavhengige i denne saka. I samsvar med reglene om god advokatskikk.

På Gøril Bjerkan sitt utspel om at dei med ein anna konklusjon ville ha kome med indirekte kritikk av seg sjølve svarar dei:

– Vi er ueinige i denne kritikken. Vi ville ikkje påtatt oss oppdraget om vi ikkje hadde tilstrekkeleg sjølvstende.

Finanskomiteen på Stortinget behandlar no kontrollorganet sin kritiske rapport. Komiteen møter kvarandre på nytt torsdag klokka 12 og har då eitt døgn på seg til å komme fram til ei innstilling i saka.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger