NRK Meny
Normal

Ekspert meiner Bjørn Kjos driv med streikebryteri

Er det streikebryteri å erstatte streikande pilotar? – Ja, seier advokat Arvid Reidar Ødegård. NHO Luftfart tek Norwegian og Bjørn Kjos i forsvar.

Norwegian-sjef Bjørn Kjos
Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Advokat Arvid Reidar Ødegård, ekspert på arbeidsrett, er kritisk til at flyselskapet Norwegian erstattar pilotar som streikar, for å begrense konsekvensane av streiken. 70 kapteinar og styrmenn vart laurdag tekne ut streike.

– Det å erstatte streikande med innleidd arbeidskraft, er normalt streikeforbod. Det som gjer denne situasjonen pikant, er at det er underleverandøren, altså det norske dotterselskapet som leverer pilotar til moderselskapet, seier Ødegård til NRK.

Ødegård seier vidare:

– Det er ei problemstilling vil aldri har sett i praksis før. Eg meiner det er nærliggjande å identifisere dotterselskapet og moderselskapet i denne situasjonen.

Norwegian Air Norway (NAN) er dotterselskap av Norwegian Air Shuttle (NAS), og har om lag 650 pilotar. Dersom partane ikkje blir samde før onsdag, vil alle desse pilotane bli tekne ut i streik. Det kan føre til store økonomiske konsekvensar for Norwegian.

Brukar andre pilotar

For å minke konsekvensane av streiken, har Norwegian satt inn pilotar frå andre delar av organisasjonen. Dette gjer dei for at færrast mogleg flygningar skal bli innstilt og kansellert.

– Er det streikebryteri?

– Etter mi meining, ja!

– Er det ulovleg med streikebryteri?

– Nei! Det er ikkje lovregulert. Det er fullt lovleg å vere streikebrytar.

(Artikkelen held fram under videoen)

Advokat Arvid Reidar Ødegård, ekspert på arbeidsrett, seier til NRK at Norwegian er streikebrytarar.

VIDEO: Advokat Arvid Reidar Ødegård, ekspert på arbeidsrett, er kritisk til at flyselskapet Norwegian erstattar pilotar som streikar.

NHO: – Ein grei måte å gjere det på

Torbjørn Lothe, leiar i NHO Luftfart, avviser at Norwegian driv med streikebryteri.

– Det er mange rettsekspertar som har uttalt seg om det, og dei har ulike oppfatningar av det. NHO sine ekspertar har sett på dette, og meiner at dette er ein grei måte å gjere det på, seier Lothe til NRK.

– Vi snakkar om eit dotterselskap til eit moderselskap som har det kommersielle ansvaret, det økonomiske ansvar og som har alle trafikkrettigheiter. Så det er berre ein av mange underleverandørar som er i streik. Det er difor mogleg å trekkje inn arbeidskraft frå andre.

Norwegian-sjef Bjørn Kjos blei invitert til Dagsnytt Atten i dag, for å kommentere situasjonen. Det ville han ikkje, og viste til NHO og Torbjørn Lothe.

Torbjørn Lothe, leiar i NHO Luftfart, avviser at Norwegian driv med streikebryteri.

VIDEO: Torbjørn Lothe, leiar i NHO Luftfart, avviser at Norwegian driv med streikebryteri.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger