Hopp til innhold

Eitt nytt varsel i Framstegspartiet

Framstegspartiet behandlar ei ny varslingssak i partiet, stadfestar leiaren i organisasjonsutvalet, Alf Erik Andersen. Dette er det andre varselet hittil i år.

Alf Erik Andersen

Alf Erik Andersen er ordførarar i Mandal og leiar for organisasjonsutvalet i Framstegspartiet.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Den eine av sakene gjeld den tillitsvalde i Rogaland som i februar vart sikta for valdtekt i samband med fylkesårsmøtet i partiet, opplyser Andersen til NTB. Alf Erik Andersen er ordførar i sørlandskommunen Mandal.

Han vil ikkje kommentere varsla nærmare.

Under behandling

– Eg kan stadfeste at organisasjonsutvalet har fått to nye varsel i 2019 av varierande alvorsgrad. Sakene er under behandling, seier Andersen til Dagbladet .

Framstegspartiet har hatt fleire varslingssaker det siste året. Stortingsrepresentant Ulf Leirstein trekte seg i fjor frå alle tillitsverv i partiet etter påstandar om at han hadde kome med uanstendige forslag til ein 15-åring. Han skal også ha sendt hardporno til 15-åringen.

I februar i år vart ein Frp-politikar sikta for valdtekt av ein partikollega etter eit fylkesårsmøte i Rogaland.

Det er også meldt inn fleire andre tilfelle av seksuell trakassering.

Frp har tidlegare behandla totalt ni varslarsaker av ulike alvorsgrad.

Flest i Ap og Høgre

Dei fleste norske partia har behandla varsel i løpet av 2017 og 2018. Det var flest varsel i dei to største partia, Arbeidarpartiet og Høgre. Ap har til saman behandla rundt 30 saker.

I februar vart det kjent at Høgre hadde fått to nye varsel etter oppvasken i fjor, og begge to gjaldt forhold som låg tilbake i tid. Tidlegare hadde partiet fått til saman 35 varsel med ulik alvorsgrad. Desse varsla gjaldt 21 ulike personar.

Hevder Leirstein jobbet for å snu suspensjonssak mot FpU-er

AKTUELT NÅ