Hopp til innhold

Oppturar og nedturar for den blå regjeringen

For eitt år sidan var Frp framleis eit opposisjonsparti, og Høgre sikla etter å ta over makta. 9. september 2013 snudde det heile. NRK summerer opp året som har gått sidan valsigeren.

Regjeringen Solberg

Det er eitt år sidan dei vann valet. Sidan den gong har dei møtt klimakritikk, terrortrugsel og ein massiv bondekritikk. Forholdet til Kina, Dalai Lama og farkosten 'ståhjuling' har også prega det første leveåret til Regjeringa Solberg.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Lars Nehru Sand

Politisk kommentator i NRK, Lars Nehru Sand, har vurdert regjeringas opp- og nedturar.

Foto: Anne Liv Ekroll / Anne Liv Ekroll, NRK

Det heile starta med ein leppestiftkjole og ein gåtur gjennom Oslo sentrum med eit heilt pressekorps på slep.

Eitt år seinare er Siv Jensen og Erna Solberg Noregs mektigaste politikarar. Om ein månad legg dei fram sitt første statsbudsjett. Men det har skjedd mykje på vegen fram dit.

Politisk kommentator i NRK, Lars Nehru Sand, har gått gjennom dei største hendingane det siste året, og samstundes teke ei vurdering på kva Høgre-Frp-regjeringa har lukkast med, og kva som ikkje har vore fullt så vellukka.

Regjeringas tre oppturar

1. Handteringa av terrortrugselen: I juli gjekk terroralarmen i Noreg, då islamistar med tilknyting til gruppa Den Islamske Stat (IS) skulle vere på veg til Noreg med planar om å gjennomføre eit åtak. Regjeringa kalla inn til pressekonferanse, saman med Politiets tryggingsteneste, og det heile enda med at terrorfaren etter kvart minska.

Nehru Sand si vurdering: Med det me veit så langt har regjeringa handtert ein krevjande situasjon med god dømme- og handlingskraft.

Justisminister Anders Andundsen ber folk flest lytte til politiets råd i forbindelse med den mulige terrortrusselen mot Norge.

Justisminister Anders Anundsen ber folk følgje politiets råd i dagane etter at terroralarmen gjekk i juli.

2. Kommune-Noreg med på reform: Regjeringa har fått løyve frå Stortinget til å gjennomføre ein kommunereform. No vert kommunesamanslåing diskutert i alle fjordar og dalføre. Høgre har lenge ønskja færre kommunar, slik at velferdstenester kan effektiviserast. Men ute i distriktet er meiningane delte, og folk er redde for lange reiseavstandar og mindre attraktive lokalsamfunn.

Nehru Sand si vurdering: Me har langt frå sett noko resultat endå, men kommunalminister Jan Tore Sanner har klart å få størstedelen av Kommune-Noreg og det politiske Noreg konstruktivt innstilt til ein kommune- og oppgåvereform.

Om analyseselskapet NIVI fekk teikna norgeskartet, ville talet på kommunar i Hordaland og Sogn og Fjordane krympa frå 59 til 13. Bak forslaget står norges mest brukte kommune-utgreiarar, som har blitt utfordra av NRK til å lage ei skisse til ny kommunereform.

I Sogn og Fjordane og Hordaland kan talet på kommunar søkke frå 59 til 13, om analyseselskapet NIVI fekk bestemme. Diskusjonen om kommunesamanslåingar går over heile landet, og vekker særskild sterke reaksjonar i distrikta.

3. Jordbruksoppgjeret: Det vart store protestar på landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) sitt første forslag til jordbruksoppgjer. Der ville ho gi bøndene 150 millionar i auke, samanlikna med året før. Det var berre ti prosent av bøndenes krav på 1,5 milliardar kroner. Etter forhandlingsbrot mellom bondeorganisasjonane og regjeringa, og ein runde med røysting i Stortinget, enda det heile opp med ei auke på 250 millionar kroner. Listhaug håper oppgjeret skal styrke heiltidsbonden.

Nehru Sand si vurdering: Det såg ikkje lekkert ut då det haldt på, men Listhaug klarte til slutt å få store endringar og forenklingar i landbrukspolitikken gjennom i Stortinget.

Klokka ni dro fem busser med østfoldbønder til Oslo, til dagens markering i jordbruksoppgjøret. Også elever fra Kalnes videregående skole deltar

Bussar fulle med bønder tok turen til Oslo for å protestere mot regjeringa sitt forslag til jordbruksavtale.

Regjeringa sine tre nedturar

1. Reservasjonsmoglegheita: Diskusjonen om fastlegar skal ha rett til å reservere seg mot å vise til abort, har skapt sterke reaksjonar. Det var KrF som hadde fått forhandla gjennom punktet med reservasjonsrett i samarbeidsavtalen mellom dei, Venstre og regjeringa. Etter mykje diskusjon fram og tilbake enda det heile opp med ein ny avtaletekst. Der vart det bestemt at fastlegar ikkje lengre skal vise til abort.

Nehru Sand si vurdering: Ei imponerande dårleg og klønete handtert sak frå regjeringa si side, fekk omsider ei slags løysing langt på overtid.

Kvinnene gikk i tog for å markere motstanden mot reservasjonsretten.

Ekstra mange gjekk i 8. mai-tog i 2014, og mykje av grunnen var motstanden mot reservasjonsretten.

2. Dalai Lama-boikotten: Då det vart klart at Tibets andelege leiar, Dalai Lama, skulle besøke Noreg i mai, hamna plutseleg regjeringa mellom barken og veden. Berre få år i førevegen hadde fleire regjeringsmedlem teke til orde for å støtte folket i Tibet mot Kina, som vert skulda for å undertrykke tibetanarane. Men når dei same personane kom i maktposisjon, hadde fløyta fått ei anna lyd. Det dårlege forholdet mellom Noreg og Kina etter at Nobels fredspris gjekk til dissidenten Liu Xiaobo, ville fort blitt verre om norske styresmakter møtte Dalai Lama. Etter mykje tenking landa regjeringa på at dei ikkje ville møte Dalai Lama då han var i Oslo.

Nehru Sand si vurdering: Regjeringa sleit med å overtyde pedagogisk at boikott-tiltaket ville ha noko effekt, og var i utakt med store delar av folket.

Dalai Lama i Oslo

Dalai Lama hadde nok å ta seg til då han vitja Oslo, sjølv om regjeringa ikkje ville møte fredsprisvinnaren.

3. Klimapolitikken: Då Erna Solberg lanserte regjeringsplattforma, var klima ikkje eit av dei store temaa. At den ganske ukjente Tine Sundtoft vart klima- og miljøminister fekk også fleire til å heve augebryna.

Nehru Sand si vurdering: Regjeringa har ikkje klima- og miljøpolitikken blant sine åtte merkesaker. Erna Solberg prøvde seg på ein klimatale på Høgre sitt landsmøte, men klimastempelet på regjeringa sin politikk står ikkje i stil med kor viktig saka er.

Klima-kritikk mot ny regjering

Klimakritikken kom frå fleire kantar etter at regjeringa hadde lansert si plattform i oktober i fjor.

Andre sentrale saker

Ståhjuling: Det har vore fleire meir eller mindre viktige saker i året som har gått. Nokre av dei viser Frp sin posisjon som regjeringsparti. Mellom anna er det no lovleg å køyre ståhjuling.

Det er stor motstand mot å la folk få bruke Segway på offentlige steder. Regjeringen vil tillate ståhjulingen i gater, i sykkelfelt og på fortau. Men omtrent samtlige høringsinstansene er svært skeptiske.

Taxfree-kvote: Det er også mogleg å bytte ut røyken med vin i taxfree-butikkar.

De nye toll- og avgiftsfrie kvotene trer i kraft i dag. Det betyr at reisende som ikke benytter seg av tobakkskvoten kan ta med seg 1,5 liter ekstra med øl, vin eller rusbrus over grensa.

Straum til Utsirahøgda: Ein tyngre sak var diskusjonen om elektrifisering av oljefeltet Utsirahøgda i Nordsjøen. Spørsmålet som stod sentralt, var om heile anlegget skulle forsynast med elektrisk straum frå land, slik at klimagassutsleppa vert mindre. I mai landa ein samla opposisjon på at det nye feltet må bli forsynt med elektrisitet frå land. Regjeringa tapte, og Høgres Nikolai Astrup kalla det heile for eit kupp.

Olje- og energiminister Tord Lien fikk det ikke helt som han ville med den store utbyggingen på Utsirahøyden.
Likevel vil han jobbe for at plattformene skal bli elektrifisert.

OL-søknaden: Ein debatt som kjem til å vare i lengre tid framover er debatten om eit OL i Oslo i 2022. Frp har lenge vore mot, medan Høgre er for. Ja-sida taper stadig terreng, og det er knytt spenning til kva regjeringa til slutt vil gjere.

Siv Jensen står fast ved sitt nei til OL i Oslo i 2022.

Nye takter: I oktober i fjor var tida over for den raud-grøne regjeringa. Siv Jensen hadde allereie teke farvel med Jens Stoltenberg, og no var det folket sin tur til å ta eit farvel med den tidlegare statsministeren som i ettertid har blitt utpeikt til Natos nye generalsekretær.

Samtidig som Jens Stoltenberg var på Slottet for å be om kongens godkjennelse til å gå av, møtte NRK velgere på Karl Johan.

AKTUELT NÅ