Dei trener –
patruljerer –
og uniformerer seg for å gjera Oslos gater tryggare.

Eit liv i teneste

Dette er kvardagen til politihestane.

Konstablane Munin og Jotun har mjuke mular.

Men med 700 kilos rein hestekraft kan dei vera knallharde når dei må.

Med eitt dei blir statstilsette får dei norrøne namn. Når arbeidskleda er på, er hovudet høgreist. Dei er skodde for å beskytta Oslos gater.

Ute i gatene hevar folk og dyr blikka når politihestane passerer.

«Ein kjem i kontakt med folk på ein unik måte.»

Cecilie Røer, ryttar

Camilla Aasheim har Jotun som kompanjong. Når kjemien mellom hest og ryttar stemmer –

blir lovens lange arm endå litt lengre.

Oslo har landets einaste ryttarkorps, oppretta heilt tilbake i 1893. I tillegg til å patruljera, kan dei få oppdrag i samband med demonstrasjonar og større arrangement.

Då gjeld det å spissa øyro –

og smørja seg med tolmod. Dei aller fleste vil ha eit glimt av dei når dei står parkerte ved Stortinget.

Men ein arbeidshest treng også litt påfyll.

Sjølv om dei eigentleg ikkje skal bruka arbeidstida til slikt.

Då må dei også gjera sitt fornødne –

om det så er på Karl Johan.

Rundt Akershus festning stod det ein gong i tida 350 hestar i dei verneverdige bygningane.

No er 11 hestar installerte i den gamle offisersstallen på Akershus festning.

I morgon ventar ein ny dag i teneste.

Fotojournalist

Eirin Tjoflot
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal