Hopp til innhold

Ein vanskeleg dag på jobb

Det var ein alvorsprega sjefredaktør som møtte pressa etter minnestunda for journalisten som måndag kveld vart drepen i eit sjølvmordsåtak i Kabul i Afghanistan.

Ansvarlig redaktør i Dagbladet, Anne Aasheim
Foto: Falch, Knut / SCANPIX

– Det er vanskeleg å jobba på ein dag som denne, innrømde Anne Aasheim etter høgtidsstunda der vener og kollegaer av Thomassen møttest.

Vi kjenner stor sorg og avmakt. I dag er vi berre opptekne av ein god kollega og hans pårørande, sa sjefredaktøren.

Ein av dei flinkaste i landet

Ho karakteriserer journalist Carsten Thomassen (38) som ein av dei mest røynde og dyktigaste utanriksmedarbeidarane i Noreg. Han har vore på mange utanlandsopphald tidlegare, men døydde medan han var ute på ein tur i regi av Utanriksdepartementet, ein tur som vart rekna som ganske trygg.

Thomassen var ein av mange journalistar som fylgde utanriksminister Jonas Gahr Støre (Ap) på ei rundreise i Afghanistan, ei reise som vart avbroten etter sjølvmordsårtaket mot Serena Hotel.

Minnemarkering i Kabul

Mellom 20 og 30 pressefolk og UD-tilsette deltok i dag tidleg i ei minnemarkering for Thomassen  på ISAF-basen ved Kabul internasjonale flyplass. Dette er same staden som pressefolka og reisefylgjet til UD vart frakta til i går.

AKTUELT NÅ