– Måndag føremiddag blei vi informerte om at ein person i crewet til Palmesus har blitt lagt inn på sjukehus på laurdag med smittsam hjernehinnebetennelse, seier festivalsjef Leif Fosselie.
Festivalleiinga for Palmesus, som blei arrangert fredag og laurdag i Kristiansand, tar nå grep for at alle som har jobba under festivalen blir informerte om sjukdomstilfellet.
– Vi fekk ei oppfordring av kommuneoverlegen om å sende melding til alle som jobba på Palmesus. I meldinga skriv vi at dei må ta kontakt med lege om dei kjenner på symptom, seier Fosselie.
I samråd med kommuneoverlegane i Arendal og Kristiansand, vurderer dei nå også å informere alle deltakarane som var på festivalen.
Går bra med pasienten
Kommuneoverlege i Arendal, Preben Aavitsland, seier til NRK at medarbeidaren blei lagd inn på sjukehus i Arendal på laurdag.
– Pasienten blei lagd inn meningokokksjukdom, som ofte omtalast som smittsam hjernehinnebetennelse, seier Aavitsland
Han seier vidare at han sjølv fekk beskjed om sjukdomstilfellet måndag morgon.
– Kva er status for den innlagde personen?
– Eg kan ikkje gå i detaljar om det, men det går bra med pasienten, seier Aavitsland.
Måndag ettermiddag bekreftar også festivalsjef Fosselie at dei har fått dei gode nyheitene om at personen ikkje er i fare.
– Vi ekstremt glade for å høyre at alt går bra med personen det gjeld, seier han.
Var ikkje klare over sjukdommen
– Kva tid merka de først at personen var sjuk?
– Vi har ikkje merka at personen var sjuk. Vi fekk informasjon nå på måndag.
TUNGT: – Det er trist at ei positiv oppleving som Palmesus har vore, skal få eit slikt utfall for personen som er smitta, seier festivalsjef Leif Fosselie.
Foto: Iris Elin Ullvang / NRKIfølge festivalsjefen jobbar det 3700 menneske under Palmesus. I tillegg til å sende ut ei melding til alle frivillige og tilsette, skal leiinga ha tatt i bruk alle deira interne kanalar for å informere om hendinga.
– Veit de kor mange som har vore i kontakt med den smitta personen?
– Det er fem personar som har jobba saman med den smitta på fredagen. Vi har snakka med kvar enkelt av dei. Ingen viser symptom på noko som helst, seier festivalsjef Fosselie.
– Kva reaksjonar har de fått frå andre frivillige og tilsette?
– Vi har ikkje fått inn nokre førespurnader frå andre til nå.
Fosselie seier til NRK at festivalapparatet er klare til å ta imot dei førespurnadane som måtte komme frå andre som deltok på festivalen.
– Vi håper dette går bra. Nå må alle ta de førehandsreglane dei kan.
Liten fare for smitte
– Dette er ein lite smittsam sjukdom, og det er sjeldan at det kjem fleire smittetilfelle etter at ein person er smitta, seier kommuneoverlege Aavitsland.
SPYTT: Kommuneoverlege Preben Aavitsland, seier at smitte kan bryte ut der mange unge menneske møtest og at bakteriane smittar mellommenneske som deler spytt. Han forsikrar likevel om at dei fleste som blir smitta ikkje blir sjuke.
Foto: Elise Rønnevig / NRK– Kor farleg er sjukdommen?
– Det er ein alvorleg sjukdom som i ein del tilfelle er dødeleg. Vi ber om at folk er ekstra oppmerksame på febersjukdom dei nærmaste vekene.
– Kva skal dei gjere om dei merker at dei har feber?
– Viss dei får feber saman med dårleg allmenntilstand, utslett eller er stive i nakken, så bør dei kontakte fastlegen sin eller legevakta.
Medisinsk personell assisterer
Personen som er lagd inn på sjukehus, skal ifølge festivalleiinga ha jobba på Palmesus på fredagen.
På spørsmål om korleis festivalen handterer smittetilfellet vidare, seier Fosselie:
– Vi har ein eigen organisasjon når slike tilfelle skjer. Dei tar ansvar for å informere og roe dei det måtte gjelde. Vi har òg medisinsk personell som assisterer om nokon skulle komme til oss med bekymringar.
Heile festivalleiinga skal framleis vere operativ på festivalområdet, og det føregår framleis rigging etter festivalen.
- Les også: