Hopp til innhold

Ein person døyr kvar time av inaktivitet

– Det er vår tids tause morder, meiner trenings- og ruskoordinator.

Harald Munkvold

REDD: – Folk må begynne å ta inn over seg konsekvensane av inaktiv kvardag. Det er skremmande at det ikkje vert satsa meir, seier rus- og treningskoordinator i Helse Førde, Harald Munkvold.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Valglogo

– Det er skremmande at det i Norge døyr mellom 6000 og 10 000 personar kvart einaste år av inaktivitet, og det vert slett ikkje gjort nok for å unngå det. Det er så mykje som ein i timen det, seier ruskoordinator i Helse Førde, Harald Munkvold.

Vil ha ein eigen dag for dødsoffera

Han har sjølv levd eit liv med rus og ingen fysisk aktivitet, til han kom seg ut av det. No er han ruskoodinator, og ein av dei som har satsa stort på fysisk aktivitet i behandlinga av pasientar.

– Det døyr om lag tre hundre personar kvart år av overdose i Norge, og 31. august vert dette markert kvart år med ein eigen dag, seier Munkvold.

Han meiner dødsfall av fysisk forfall er like viktig.

– Eg kunne godt tenkt meg at vi hadde ein eigen dag for desse offera og. Dette er vår tids tause morder.

Han viser til forsking frå NTNU og frå mellom anna USA der helse og sosialdepartementet meiner at 30 prosent av alle dødsfall der skuldast manglande aktivitet.

– Diabetes, hjarteproblem, kreft og depresjon. Det er konsekvensen.

– Er det ikkje opp til kvar enkelt å halde seg aktiv?

– Nei, ikkje når vi ser desse tala. Det er andre grupper i samfunnet der det er snakk om liding og død som får meir midlar og fokus, seier Munkvold.

Legeforeninga krev i dag at det vert innført ein time fysisk aktivitet i skulane.

Helseminister Bent Høie frå Høgre seier dei gjer meir enn nokon annan regjering har gjort for å auke talet på fysisk aktive timar i skulen.

Ikkje nok med kampanjar og mas

Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H)

SATSAR: Helseminister Bent Høie (H) meiner denne regjeringa satsar meir enn tidlegare regjeringar for å auke timar med fysisk aktivitet i skulane.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Det har vore fleire kampanjar om temaet, men Munkvold meiner treninga må setjast i system.

– Det må satsast på gjennom konkrete tiltak som frisklivssentralar, aktiv på dagtid tilbod. Det er jo ikkje utan grunn at helsedirektoratet stadig har fokus på dette.

– Fungerer kampanjane?

– Det går for seint, og eg håpar kommunane forstår alvoret i dette.

Han viser til diskusjonane om grensene til marka rundt byane våre, sykkelvegar og aktivitet på skulane.

– Det er ikkje snakk om at ein skal løfte vekter. Dette handlar om kvardagsaktivitet over 30 minutt.

Ungdom treng hjelp

Marit Hermansen

UROA: President i Legeforeininga, Marit Hermansen, er uroa over utviklinga.

Foto: NRK

Ungdomsgruppa kan vere vanskeleg å motivere. Her meiner Munkvold at det må konkrete tilbod og trenarar inn i bilete.

– Ein overvektig ungdom finn ikkje plutseleg ut at han skal trene. Difor må ein setje av pengar til dette. Og då krevst det vilje, og eg er ikkje sikker på at den finst overalt.

– Norske barn og tenåringar har aldri vore mindre aktive og talet på overvektige har auka jamt dei siste 30 åra, åtvarar president i Legeforeininga, Marit Hermansen.

Les også: Så store er helseforskjellene i Norge

AKTUELT NÅ