Hopp til innhold

Ein omkommen i bilulykke

Dei to andre som var involverte i ulykka skal vere kritisk skadde.

Trafikkulykke i Leirsund

Naudetatane på staden der ein person er stadfesta omkommen og to kritisk skadd etter ein front mot front kollisjon på fylkesveg 382 i Leirsund.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Éin person mista livet i ei front-mot-front-ulykke på fylkesveg 382 i Leirsund i Akershus, torsdag kveld. Det skriv politiet på Twitter. Dei to andre som var involverte i ulykka vart sende til sjukehus i luftambulanse, med kritiske skader.

Laster Twitter-innhold

– Me kan foreløpig ikkje sei så mykje om det som har skjedd. Me er på staden der ulykka skjedde og gjer taktiske og tekniske undersøkingar, seier operasjonsleiar Ronny Årstein til NRK.

– Årsaka for ulykka er heller ikkje kjent. No varslar me den omkomnes pårørande, og ventar på at Vegvesenet og krimteknikarane skal kome til staden.

Leirsund

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger