Hopp til innhold

Ein av fem droppar å gå ut som følgje av pandemien

20 prosent av dei spurde svarar i ei fersk undersøking at dei i all hovudsak har slutta å gå ut av huset på grunn av koronautbrotet.

Folketom gate i Oslo.

Nesten folketomme gater har vorte eit vanleg syn i Oslo etter at styresmaktene innførte strenge restriksjonar som følgje av koronaviruset.

Foto: Fredrik Hagen / NTB-Scanpix

Det viser seg også at talet på dei som trur restriksjonane som følgje av pandemien vil vare i ni månader eller meir, har auka sterkt. Då målingane starta i midten av mars var det 25 prosent av dei spurde som trudde det vil vare i ni månader eller meir.

I den siste målinga har dette talet stige til 60 prosent.

Det er Norsk koronamonitor, ein del av analyseselskapet Opinion, som har gjennomført undersøkingane. Totalt 4260 nordmenn er intervjua om det å forlate bustaden sin, medan 9000 har delteke i undersøkinga om kor lenge ein trur restriksjonane vil vare.

Å halde seg inne

Dette spørsmålet vart stilt: Har du i all hovudsak slutta å gå ut av huset, som følge av koronaepidemien?

Ola Gaute Aas Askheim, seniorrådgjevar i Opinion.

Ola Gaute Aas Askheim er seniorrådgjevar i analyseselskapet Opinion, som står bak Norsk koronamonitor.

Foto: Opinion

22 prosent svarte ja, 74 prosent svarte nei, medan 4 prosent ikkje visste. Det er fleire kvinner enn menn som har valt å halde seg innandørs, 23 prosent mot 20 prosent. Det er også interessant å merke seg at den største gruppa av dei som har valt å ikkje gå ut er menneske under 30 år.

– Dette er interessante tal. Eg trur ei årsak kan vere at mange av dei sosiale arenaene unge menneske brukar, barar, klubbar og liknande møteplassar, er stengde. Det kan også vere ei årsak at denne aldersgruppa er dei flinkaste til å bruke digitale plattformer til å ha direkte kontakt med andre, seier ein av dei ansvarlege for undersøkinga, seniorrådgjevar Ola Gaute Aas Askheim.

Dette kan du gjøre i sommerferien – selv med koronarestriksjoner

Flest i Oslo

Han fortel også at det er flest menneske i Oslo som i hovudsak ikkje har gått ut av bustaden sin i perioden. Her svarar 31 prosent at dei held seg mest inne.

  • I Agder, Vestfold og Telemark er talet 18 prosent.
  • På Austlandet elles 19 prosent.
  • I Møre og Romsdal og Trøndelag 19 prosent.
  • Medan Nord-Noreg og Vestlandet (Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland) begge har 23 prosent.

Det går fram av tala at haldningane endra seg i løpet av perioden, og at fleire valde å forlate huset mot slutten av perioden. I perioden 7.–11. april svarte 24 prosent av dei spurde at dei i all hovudsak ikkje forlèt huset.

I perioden 14.–16. april svarte 22 prosent det same, medan den siste delen av perioden, 17.–19. april, svarte 19 prosent av dei helst ikkje gjekk ut av huset. Dette kan tyde på at smittefrykta har vorte noko mindre i takt med at samfunnet er i ferd med bli opna igjen.

Regjeringen med daglig oppdatering om koronavirus-situasjonen

Helseminister Bent Høie og statsminister Erna Solberg har vore klare på at det vil ta tid før restriksjonane i samband med koronaviruset blir fjerna.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Helseministeren meiner tala ikkje speglar at regjeringa har vore for streng.

– Nei, det vi har gjort trur eg har vore naudsynt. Det er også mange folk som har større grunner til å vere forsiktige, fordi dei er i ei risikogruppe som vil kunne bli veldig sjuke. Og eg forstår at dei er meir tilbakehaldne med å gå ut.

Trur restriksjonane vil vare lenge

Når det gjeld spørsmålet om kor lenge ein trur restriksjonane i samfunnet vil vare, så er dei spurde langt meir pessimistiske i dag enn for ein månad sidan.

– Det har nok dels med nyheitsbiletet frå resten av verda å gjere, med nedstenging i land etter land, seier Ola Gaute Aas Askheim.

Han meiner også at det faktum at det vil ta tid å framstille ei vaksine, er med på å gjere at folk har innsett at dette vil ta tid.

Men helseminister Bent Høie har også vore svært tydeleg på at alt ikkje blir normalt i løpet av kort tid.

– Dei generelle tiltaka som å vaske hendene, halde avstand, vere heime om du er sjuk, dei må vi nok vente vil vare lenge. Det kan tekkjes ut året. Men dei meir inngripande tiltaka som råker samfunnet hardt, som stengde skolar og verksemder, håper vi ikkje skal vare så lengje, seier Høie.

80 prosent av dei spurde har svart at dei har avlyst eller endra ferieplanane sine, og 86 prosent har svart at dei truleg vil feriere i Noreg i sommar.

AKTUELT NÅ