Hopp til innhold

Ei krone dagen kan berga eit barn

Randi Kjellmo Gaard er ærleg, engasjert og fortvila. Ho har vore folkereporter for TV-aksjonen og opplevd kvardagen i eit fattig samfunn der ein heil generasjon har døydd av hiv.

Randi Kjellmo Gaard
Foto: NRK

– Det er vanskeleg å skildra korleis det var å koma til Malawi. Det må nesten opplevast. Men det var fantastisk, fortel Randi. Folk er så venlege, så opne. Eg vart teken imot som ein gamal ven.

Randi Kjellmo Gaard er 68 år og bestemor til to. I august reiste ho til Malawi som folkereporter med TV-aksjonen. Det vart eit sterkt møte ei med tillitsfulle born som snart skal døy av aids.

Og det vart ho sjølv om alle ho møtte var lutfattige. – Dei var lukkelege sjølv utan noko. Lukkelegare enn oss som eig så mykje. Det var som om dei eigde verda.

Store kontrastar

Bestemora frå Sjøvegan fekk møta ei anna bestemor i Malawi. Randi skildrar henne som ei lita, vever kvinne. Ei kvinne som har mista 15 og 16 born.

Dei siste døydde av hiv, men det ville ho ikkje snakka om. No har ho ansvaret for fire foreldrelause barneborn.

– Ho eig berre hytta ho bur i. Og så får ho 100 kroner i månaden frå UNICEF og for desse pengane lever ho og barneborna.

Barn i Malawi

Pengene skal gå til barna.

Foto: NRK

– Ho sa til meg at «Det er lite mat i slutten av månaden, men det gjer ikkje noko for eg veit at eg snart får meir pengar. Då kan eg kjøpa meir korn, olje og nokre grønsaker.» Då skjemst eg litt.

Hiv er tabu

For hiv er tabu. Dei sju fyrste døydde av svolt eller malaria. Det er lettare å snakka om dei.

Randi samanliknar tabuet kring hiv med sin eigen barndom.

– Det var jo tuberkulose, veit du, men me visste jo ikkje så mykje om det og korleis det smitta. Me visste berre at det var nokre gardar me ikkje fekk lov til å vitja. Slik er det i Malawi òg.

Ho vitja eit samfunn der folk lever tett på kvarandre og er avhengige av kvarandre. Der ein ikkje torer å fortelja at ein er hiv-positiv eller at nokon i familien har hiv. Då vert ein isolert.

Hiv har utrydda ein heil generasjon

– Tenk deg, ein heil generasjon er vekke. Ein heil generasjon born er utan foreldre. Og mange av desse er fødde med viruset og dei kjem til å døy.

For i Malawi, som mange andre stader har medisinmannen og hovdingen framleis mykje dei skulle ha sagt. Og medisinane ein får av medisinmannen gjer at symptoma på hiv ikkje vert oppdaga før det er for seint å medisinera.

– Eg har alltid vore skeptisk til innsamlingsaksjonar. Ein høyrer jo så mykje og at pengane ikkje kjem fram, men no er eg overtydd om at det nyttar og gje pengar til UNICEF.

Pilotprosjekt skal redda borna

Pengane som vert samla inn sundag skal gå til born. – Dette er langsiktig hjelp, seier randi. Det handlar om opplysning gjennom skulane og til lokale krefter i landsbyane.

Her skal ein gje personar to – tre vekers kurs i diagnostisering, slik at dei kan læra seg om sjukdomsteikn. Og slik kan dei kanskje få hjelp i tide. Før det går for langt, seier Randi.

Kva går eigentleg pengane til?

For pengane som vert samle inn sundag skal brukast til å hindra hiv-smitte frå mor til barn. Dei skal gå til medisinering av born. Dei skal førebyggja smitte blant barn og unge og dei skal går til omsorg for foreldrelause og sårbare born i Mosambik, Malawi, Zimbabwe, Zambia, Uganda, Kenya, Ukraina, Jamaica og Vietnam.

Det er ikkje dei store summane som skal til. – Dersom alle kunne gjeve litt, hadde verda vorte så mykje betre og me kunne redda så mange liv, seier Randi engasjert. For det er ungane som tel.

– Eg møtte ein heil generasjon utan foreldre og kven skal hjelpa dei om ikkje me gjer det?

Randi fortel at ho reiste frå Malawi med tru på at me kan gjera sin skilnad.

– Alle i Noreg burde vore med meg på turen, seier ho. Dei burde sett korleis det er og kor lite som trengst for å hjelpa.

No oppmodar ho alle om å gje sitt bidrag på sundag.

AKTUELT NÅ