Hopp til innhold

Edru-vakter og nachforbod på Høgres landsmøte

Når Høgre samlast til landsmøte denne helga, er det med skjerpa reglar rundt fest og alkohol. – Vi vil vere tilgjengeleg og i beredskap dersom noko skulle skje, men fest blir det likevel, seier generalsekretær John-Ragnar Aarset.

Alkohol på Høyres valgvake

MINDRE FESTING: Høgre skjerpar festinga og alkoholforbruket under landsmøtet til helga. Kvar delegasjon må ha edru-vakter og får ikkje arrangere nachspiel. Foto frå Høgres valvake under kommune- og fylkestingsvalet i 2011.

Foto: Aleksander Andersen / NTB scanpix

«Landsmøtet skal diskutere og ta stilling til viktige spørsmål innan digitalisering, arbeid og inkludering og grønt skifte», heiter det i innkallinga til Høgres landsmøte denne helga. Men også middag og fest er ein naturleg del av programmet.

Etter #metoo-kampanjen og fleire innsende varsel om seksuell trakassering i vinter, fleire av dei knytt til partiarrangement, legg partiet no band på deler av festinga.

Høgre har bedt to personar frå kvart fylkeslag om å melde seg som edru-vakter til kveldsarrangementa fredag og laurdag.

Varslersaken i Unge Høyre.

TRYGT: Edru-vakter og nachforbod skal gjere landsmøtet trygt for alle, seier John-Ragnar Aarset, generalsekretær i Høgre.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Vi har skjerpa merksemda i samanheng med fokuset som heile #metoo-kampanjen har hatt, seier John-Ragnar Aarset, generalsekretær i partiet.

Han understrekar samtidig at Høgre også tidlegare alltid har hatt edru ansvarspersonar under landsmøtet.

– Kva er formålet?

– Det er mange hundre personar samla på landsmøtet, derfor er formålet å vere tilgjengeleg og i beredskap dersom noko skulle skje. Det kan handle om sjukdom eller om nokon treng hjelp, råd eller støtte, forklarar Aarset.

– Så edru-vaktene får ikkje røre alkohol?

– Nei, dei har eit spesielt ansvar for sin delegasjon.

– Har det vore upopulært og vanskeleg å få folk til å melde seg?

– Nei. Eg opplever at deltakarane meiner det er greitt og fornuftig, seier Aarset.

Høyres landsmøte.

FOKUS PÅ POLITIKK: Festing skal ikkje ta fokus vekk frå politikken når Høgre har landsmøte denne helga.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Festen skal skje i fellesskap, ikkje på nach

Eit anna tiltak er landsmøtets «nachforbod». Partiet arrangerer ikkje noko nachspiel, og oppfordrar til å avslutte festen når fellesarrangementet er over.

– Vi er einige med fylkesdelegasjonane om å ikkje ha nach på landsmøtet, og er einig om at festen bør gå føre seg i fellesskap og i fellesareala. Festen er over når serveringa er over, seier Aarset.

– Betyr det at de vil gå rundt og slå ned på eventuelle nachspiel på hotellromma, og be folk gå og legge seg?

– Ein må ha tillit til folk. Dette er noko vi er einige om, som vert kommunisert ut i delegasjonane. Det er også i tråd med den utviklinga vi har sett dei siste åra.

– Kvifor skal det ikkje vere lov å ta seg ein fest?

– Det kjem definitivt til å bli fest, men vi treng ikkje å drive på heile natta for å kalle det ein fest, seier Aarset.

Tiltaka er blant forslaga som Syse-utvalet i Høgre har kome med etter å ha gjennomgått Høgre og Unge Høgre sin handtering av varslingssaker. Også i Ap har partileiaren varsla tiltak mot seksuell trakassering.

Unge Høgre: – Reiser ikkje på landsmøtet for å feste

Høgres ungdomsparti, som har rundt 20 delegatar på landsmøtet, meiner det er heilt på sin plass med ekstra tiltak.

Sandra Bruflot

POSITIV: Sandra Bruflot og Unge Høgre har lite imot edru-vakter og nachforbod på Høgres landsmøte.

Foto: Camilla H. Wernersen / NRK

– Vi har alltid hatt edru-vakter i vår delegasjon, og syns det er heilt greitt at dette blir eit tiltak for alle. Det sikrar at det er fint for alle å vere med, seier fungerande leiar i Unge Høgre, Sandra Bruflot.

Festen kjem i andre rekke for ungdommane, ifølgje Bruflot.

– Vi reiser på landsmøtet for å få gjennomslag for politikk. Om ein reiser på landsmøtet for festens skyld, bør ein finne på noko anna.

Det betyr ikkje at Unge Høgre har noko imot at det også er fest på landsmøtet.

– Som regel er det hyggeleg uansett, og våre delegatar er stort sett over 18 år, seier Bruflot.

AKTUELT NÅ