E-tenesta varslar nytt instruksverk og nye arkivrutinar

Sjefen for Forsvarets etterretningsteneste, Kjell Grandhagen, opplyser at dei no vil etablerte eit nytt instruksverk og leggje om arkivrutinane, etter kritikken frå EOS-utvalet.

Generalløytnant Kjell Grandhagen.

Generalløytnant Kjell Grandhagen er sjef for Forsvarets etterretningsteneste.

Foto: NRK
Olav Døvik
Journalist
Bent Tanstad
Journalist

Grandhagen er glad for at EOS-utvalet har slått fast at E-tenesta ikkje har brote norsk lov i denne saka. Han konstaterer likevel at EOS-utvalet har funne at dei i nokre enkeltsaker har lagra litt for mykje informasjon om tredjepersonar.

– Eg vil minne om at då denne saka kom opp, så var påstanden at vi hadde drive ulovleg overvaking av nordmenn i Noreg. Og det slår denne rapporten fast at vi ikkje har gjort. Vi har heilt sikkert gjort småfeil, det er sikkert rutinar som kan vere betre, men vi har ikkje gått ut over norsk lov, seier Grandhagen til NRK.

LES OGSÅ: Her slår EØS-utvalet til

LES OGSÅ: Kjente ikke til ulovlig virksomhet

Tolkar lovteksten ulikt

Han seier at E-tenesta og EOS-utvalet tolkar lovteksten ulikt når det gjeld høvet til å lagre særleg sensitiv informasjon om tredjepersonar. Grandhagen meiner EOS-utvalet forstår dette behovet, men dei meiner at vi ikkje kan gjere det. Dette må vi gå opp, seier han.

Han fortel at E-tenesta no vil sørgje for at informasjon det ikkje er grunn til å ha med vidare, blir sletta. Han minner om at det er svært viktig for E-tenesta å ha norske kjelder som reiser i utlandet.

Generalløytnant Kjell Grandhagen meiner det er viktig å hugse at dei som jobbar i E-tenesta, er opptekne av å følgje norsk lov. Han meiner dei tilfella EOS-utvalet har funne kritikkverdige forhold, så er det få tilfelle i forhold til det store materialet utvalet har samla inn.

Her er EOS-utvalet sin rapport

– Ikkje i strid med regelverket

I rapporten til EOS-utvalet heiter det blant anna at utvalet ikkje har gjort funn som tilseier at tenesta systematisk har behandla opplysningar om norske kjelder, og eller andre norske personar, i strid med gjeldande regelverk. Utvalet har heller ikkje avdekt at tenesta har brote forbodet mot å overvake eller på annan fordekt måte henta inn informasjon om norske personar i Noreg.

Det heiter likevel i rapporten: «Utvalget har imidlertid påpekt at E-tjenestens rettslige grunnlag for å behandle sensitive personopplysninger om kildens nærstående er tvilsomt».

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger