Hopp til innhold

Dyrevernarar ber retten stanse lisensjakt på 25 ulvar

Noah, WWF og Foreininga Våre Rovdyr ber retten gjere eit hastevedtak for å stanse fellinga av 25 ulvar i ulvesona.

Ulv i Rømskog fanget på viltkamera.Foto: André Holm.

ULVESONA: Ulv i Rømskog fanga på viltkamera. Det er delar av denne flokken som no skal fellast. Foto: André Holm.

Regjeringa bestemte onsdag å støtte vedtaket til rovviltnemndene om felling av 25 ulvar i fire revir.

Kravet om mellombels avgjerd blir fremja for Oslo tingrett, opplyser Noah – for dyrs rettar til NTB.

– Sterkt kritikkverdig

Dei tre organisasjonane omtaler det som sterkt kritikkverdig at Klima- og miljødepartementet ikkje ventar på utfallet av Noah sitt søksmål mot Staten for vedtaket i 2019 om felling av ulv i Letjenna-reviret mellom Elverum og Åmot i Hedmark.

I Oslo tingrett vann Noah, men staten har anka dommen, og saka skal først i juni opp for lagmannsretten.

Fire ulver ble skutt i i Letjennareviret på første dag av lisensjakta i 2020.

OMSTRIDT: Fire ulvar, to vaksne og to kvalpar, vart skotne på første dag av lisensjakta i Letjennareviret ved Elverum i fjor.

Foto: Statens Naturoppsyn / NTB

– På ein knivsegg

– Noah si sak kjem opp i lagmannsretten i juni, og per nå er retten si meining at Letjenna-vedtaket var ulovlig og ikkje oppfylte kravet til at det skal vere svært høy terskel for å skyte kritisk trua ulv innanfor sona der dei tvert imot skal vere prioritert, seier Noah-leiar Siri Martinsen.

– Vi kan ikkje ha ei forvaltning som balanserer på ein knivspiss i forhold til lovlegheit, og der trua dyr vert skotne gjennom vedtak som risikerer å bryte lova, legg ho til.

– Den siste statusmeldinga for ulv i Noreg som vart publisert for få dagar sidan, viser at det berre er 34–38 ulvar som er påvist utelukkande i Noreg, mens 22–25 ulvar er påviste på begge sider av riksgrensa. Dette er eit katastrofalt lågt tal, seier dagleg leiar Alette Sandvik i Foreininga Våre Rovdyr.

Ni kull dokumenterte i vinter

Regjeringa grunngir vedtaket onsdag om å tillate felling av 25 ulvar innanfor ulvesona, med at bestanden i fleire år har lege over målet som Stortinget vedtok rovdyrforliket.

Organisasjonane reagerer på at det samla skal fellast 25 dyr innanfor ulvesona, noko som dei meiner er ein svært stor del av det totale registrerte ulvetalet.

Hittil i vinter er det registrert 77–94 ulvar i Noreg og i grenserevira, ifølgje tal frå Rovdata.

I alt ni kull er dokumenterte i heilnorske revir og i felles grenserevir med Sverige. Så langt i vinter er det dokumentert ulvekull i dei heilnorske revira Hornmoen, Mangen, Setten og Slettås.

I tillegg er det dokumentert kvalpekull i dei tre grenserevira Magnor, Fjornshöjden og Rømskog, og i dei to moglege grenserevira Varåa og Ulvåa.

Ulv skutt i Rendalen 11.12.2021

Denne ulven vart skoten i Rendalen i Hedmark 11. desember i år.

Foto: Privat

Lisensjakt

Lisensjakta skal gå føre seg i to heilnorske og to grenserevir. Det er snakk om Hornmoen, Bograngen og Rømskog. I tillegg opnar regjeringa opp for felling av dei dyra som er att i Slettåsreviret.

– Dette vedtaket er med på å føre bestanden til eit nivå som samsvarer med Stortingets bestandsmål, og det er i tråd med handlingsrommet som naturmangfaldlova gir, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) i ei pressemelding.

Landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp) vektla at ulvebestanden gjennom fleire år har lege over bestandsmålet til Stortinget.

– Vi ønsker å forvalte i tråd med dei bestandsmåla som Stortinget har vedtatt. Det er viktig for tilliten til forvaltninga og for folk som opplever dei belastningane det kan gi å ha ulv i nærområdet, sa ho ifølgje NTB.

NRK forklarer

Hva er lisensfelling?

Hva er lisensfelling?

Spesiell jakttype for de store rovdyrene.

De tre store rovdyrene jerv, ulv og bjørn, kan kun felles via det som heter lisensfelling.

Gaupe er unntaket, den kan jaktes på via ordinær jakt.

Hva er lisensfelling?

Jegere må være registrert

For å kunne drive med lisensfelling må jegere registrere seg som lisensjegere i Jegerregisteret.

Lisensfelling er mulig fordi den er basert på en paragraf i naturmangfoldloven (§18), som åpner for unntak fra vernet ulv, jerv og bjørn i utgangspunktet har.

Hva er lisensfelling?

Forskjellen fra kvotejakt

Den store forskjellen på kvotejakt og lisensfelling er at lisensfelling er ment som skadeforebygging, mens vanlig kvotejakt er helt ordinær jakt som altså har hensikt om å brukes for å høste ressurser.

Dette er også grunnen til at det heter lisensfelling og ikke lisensjakt. Når man ikke skal høste fra fellingen er det en felling, ikke jakt.

Hva er lisensfelling?

Men hva med skadefelling?

Det finnes også en tredje form for lovlig jakt av rovdyr, og dette er noe som heter skadefelling.

Dette er en type jakt hvor man har lov til å drepe et dyr som er til akutt fare for å skade eller drepe husdyr som sau eller tamrein.

Dette er et tiltak som kun brukes i akutte situasjoner for å forebygge skade.

Kilde: Besøkssenter for rovdyr

AKTUELT NÅ