Hopp til innhold

Dyrare å søkje om byggeløyve etter kommunesamanslåinga: – Det går i feil retning

Over halvparten av dei nye kommunane har heva prisane på byggesaksgebyret etter kommunereforma. Eirik Hovind bur i kommunen der det er dyrast. Han synest det er urettferdig at han må betale meir enn andre.

Eirik Hovind

DYRT: Eirik Hovind måtte ettersende nokre dokument i søknaden om byggeløyve. Det blei eit ekstra gebyr på rundt 3000 kroner, for å dekke to timars arbeid. – Det burde ikkje ta to timar for kommunen å sjå på nokre teikningar og ei godkjenning frå styret, meiner Hovind.

Eirik Hovind skal pusse opp soverommet. Snikkarane har endå ikkje byrja å snikre, men allereie har han betalt nær 60.000 kroner for oppussingsprosjektet. Av dei 60.000, gjekk 11.500 kr i gebyr til Drammen kommune for å få behandla byggesøknaden.

– Det er ganske dyrt berre for å bygge nytt tak og fjerne ein berevegg, meiner Hovind.

Dyrare etter kommunesamanslåinga

Det har blitt dyrare for drammensarane å søkje om byggjeløyve etter kommunesamanslåinga. Etter at Drammen slo seg saman med Nedre Eiker og Svelvik kommune, har prisen på å søkje om byggeløyve auka med 16.4 prosent for drammensarane, dersom dei søker om byggeløyve til oppføring av einebustad på 120 kvadratmeter.

Drammen er no ein av kommunane med høgast byggesaksgebyr. Og dei er ikkje dei einaste som har auka prisane.

Anne Kristin Vie

FEIL RETNING: Anne Kristin Vie i forbrukarrådet seier byggesaksgebyra burde blitt billegare etter kommunereforma, ikkje dyrare.

Foto: Forbrukerrådet

Ei undersøking gjort på vegner av forbrukarrådet, viser at 27 av 47 nye kommunar har fått høgare gebyr etter kommunesamanslåinga.

– Det går i ein heilt feil retning av det me hadde forventa, seier Anne Kristin Vie, fagdirektør for offentlege tenester og helse i Forbrukarrådet.

Med ei ny kommunelov og større kommunar hadde dei forventa at gebyra skulle gå ned. Det dei derimot ser, er at fleirtalet av kommunane har auka prisane.

– Det er for gale, seier Vie.

Varierer frå kommune til kommune

Det er store skilnader mellom kommunane når det gjeld kva det kostar å sende inn søknad om byggeløyve. I snitt krev dei nye kommunane om lag 18 400 kr for å behandle ein byggesøknad for oppføring av ein einebustad på 120 kvadratmeter.

Dei dyraste kommunane, Drammen og Nordre Follo, tar vel 40.000 kroner. Den rimelegaste, Heim kommune, krev berre 3000 kr. Det store fleirtalet krev mellom 15.000 og 25.000 kroner for ein bustad på denne størrelsen.

Denne skilnaden meiner Hovind er urettferdig.

– Det er jo litt urettferdig at me må punge ut med så mykje, medan andre må betale så lite.

Forbrukarrådet seier det er vanskeleg å forklare kvifor det er så store skilnadar mellom kommunane i kva dei krev i gebyr.

Byggesaksgebyret skal ikkje vere høgare enn det det kostar kommunen å produsere tenesta. Nokre kommunar subsidierer gebyret for å gjere det attraktivt å bygge i kommunen. Det kan forklare dei låge gebyra.

Dei dyrare gebyra er vanskelegare å forklare, seier Vie.

– Me ser det varierer kor mykje tid som vert brukt på å behandle søknadane. Behandlingstid varierer mellom 20 og 40 timar på ein søknad som burde ha same ressursbehov. Då må ein få stille spørsmål om dei driv effektivt nok og om dei tar for mykje betalt.

Statssekretær Paal Pedersen Kommunaldepartementet

FRIDOM: Statssekretær Paal Pedersen seier kommunane må gå gjennom kva kostnadar dei reknar som sjølvkost slik at det ikkje blir unødvendig dyrt for innbyggjarane.

Foto: Heather Ørbeck Eliassen / NRK

Statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Paal Pedersen (H), ser ingen grunn til at gebyret skal ha blitt dyrare i dei nye kommunane enn det var i dei gamle.

– Det er viktig at dei nye kommunane ikkje legg seg på nivået til kommunen som hadde det høgaste gebyret før samanslåinga.

Han oppmodar no kommunane til å gå gjennom kostnadane gebyret skal dekke.

– Kommunane skal ikkje tene pengar på gebyret. Den nye kommuneloven gjev tydelege rammer for kva som skal ligge i omgrepet sjølvkost. Då er det viktig at kommunane går gjennom dette på ein nøye og ryddig måte, for det er ingen grunn til at nokre kommunar skal vere mykje dyrare enn det mange andre er.

– Rimelege prisar

Ifølgje undersøkinga, la nye Drammen kommune seg på nivå med gebyret i Nedre Eiker kommune, som hadde det dyraste gebyret før samanslåinga.

Men det seier Heming Herdlevær, byplansjef i Drammen kommune, i mot.

Heming Herdlevær

RIMELEG: Heming Herdlevær, byplansjef i Drammen kommune, seier byggesaksgebyret er rimeleg.

– Det har me eigentleg ikkje gjort. Me har i stor grad følgd tidlegare Drammen sitt gebyrregulativ, men i nokre samanhengar har me nærma oss gebyrstørrelsane som var i Nedre Eiker kommune.

Han seier dei ikkje tener pengar på å behandle byggesøknadar.

– Me har ikkje eit spesielt fokus på å få inn mest mogleg pengar. Me har fokus på å få behandla den enkelte sak på best mogleg måte.

Han meiner gebyret dei har i nye kommunen er rimeleg.

– Gebyra skal svare til den jobben me gjer. Me meiner me har gebyr som svarar til arbeidsmengda kvar byggesak krev av oss.

Likevel seier han at dei vil ha ein gjennomgang av gebyrregulativet for at det skal bli enno meir tilpassa den enkelte sakstype.

Nye kommunar som har auka byggesaksgebyret med 10 prosent eller meir

Kommune

Endring i byggesaksgebyr

Gebyr 2020 for oppføring av einebustad på 120 kvm

Lyngdal

120,8

16.000

Bjørnafjorden

113,9

20.800

Tjeldsund

51,6

15.600

Ørlandet

51,1

22.000

Sunnfjord

47,5

20.400

Hitra

42,4

15.321

Lindesnes

38,6

15.400

Stad

35,9

10.800

Kinn

35,8

23.120

Sandefjord

31,1

22.063

Hammerfest

22,6

11.719

Midt-Telemark

18,2

16.200

Senja

16,7

14.702

Sogndal

16,5

16.800

Drammen

16,4

40.180

Øygarden

16,1

14.393

Nordre Follo

14,2

40.000

Indre Fosen

11,3

12.050

Steinkjer

10,0

16.040

Ekspander/minimer faktaboks

Kjelde: Refling ENK for forbrukarrådet

AKTUELT NÅ