Hopp til innhold

Kongeparet: – Bestemmer ikkje kven prinsessa gifter seg med

I eit nytt intervju med magasinet Vanity Fair kjem det fram at Durek Verrett fikk kongeparets velsigning til å fri prinsesse Märtha Louise. Nå svarer kongeparet at dei ikkje bestemmer kven prinsessa gifter seg med.

Durek Verrett og Martha Louise i Tromsø

FORTEL: I jula sette Durek Verrett seg ned og snakka med kongeparet.

Foto: Rune Stoltz Bertinussen / Rune Stoltz Bertinussen

Der fortel både Durek Verrett og prinsesse Märtha om kjærleikshistoria og korleis kongeparet reagerte på forholdet deira.

– Pappa har alltid sagt frå eg var liten at ein må vere seg sjølv, elles vil folk gjennomskode det. Eg trur kanskje han har angra på det nokre gonger, seier Märtha med eit smil, ifølgje magasinet.

Prinsessa bestemmer sjølv

Ho fortel at dronning Sonja hadde vore bekymra fordi dottera hadde vore utan kjærast i over tre år.

– Då eg fortalde henne at eg hadde fått ein kjærast, og ho spurde kven det var... Eg veit ikkje om eg kan seie så mykje meir om det, for å vere ærleg. Det er vanskeleg. Her i USA er ein meir opne for det. I Noreg er det veldig kontroversielt. Eg kunne vore saman med ein direktør eller noko, men ein sjaman: Det er veldig, ekstremt, frykteleg utanfor boksen. Det er sprøtt, seier Märtha.

Slottet vil ikkje kommentere intervjuet torsdag kveld. Ifølgje manageren til Märtha, Carina Scheele Carlsen, er det ikkje snakk om ein offisiell forloving mellom dei to.

– Kongeparet bestemmer ikkje kven Prinsesse Märtha Louise skal gifte seg med. Det er Prinsessa sitt eige val, skriv kommunikasjonssjef Guri Varpe på Slottet i ein SMS til NRK på fredag.

Såg «Heime åleine»

På instagram-kontoen sin takkar Durek alle som har bidrege med intervjuet, men legg til at ikkje alt som står der er ordrett slik han uttalte seg.

Durek Verrett har skapt overskrifter i Noreg heilt sidan det vart kjent at han var kjærasten til prinsesse Märtha Louise i mai 2019.

Først var det turneen «The Princess and the Shaman», som fekk kritikk og førte til at Märtha slutta å bruke prinsessetittelen i kommersielle samanhengar, så skulle boka til Verrett komme på norsk. Den vart først trekt tilbake.

I det ferske intervjuet fortel han at det var under julefeiringa i fjor at han vart ordentleg kjent med kongefamilien.

Dei såg på «Heime åleine» saman på TV før Verrett vart med på gudsteneste i Holmenkollen kapell.

Ari Behns dødsfall

Same ettermiddag fekk dei beskjed om at prinsesse Märthas eksmann Ari Behn hadde teke sitt eige liv. Det endra alt, både for Märtha, familien hennar og Durek Verrett.

Verrett har fleire gongar fortalt om kontakten og forholdet til kongefamilien. Men no avslører han at det var ved juletider, før Behn tok sitt eige liv, at han spurde om velsigninga til kongeparet til å gifte seg med Märtha.

Verrett fortel at dei sa ja, etter å ha spurt han om korleis karrieremoglegheitene hans og framtida såg ut.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger