NRK Meny
Normal

Forsvaret droppa millionkontrakt i siste liten

Det har tatt ti år og kosta over 100 millionar kroner å utvikle ein ny automatisk granatkastarammunisjon for Forsvaret. Like før signering av den ferdigforhandla kontrakten, annulerer Forsvarsdepartementet ordren. – Vi har aldri opplevd liknande prosess før, seier NAMMO-sjefen.

Det har tatt ti år og kostet over 100 millioner kroner å utvikle en ny automatisk granatkaster for Forsvaret.
Like før signering av den ferdigforhandlede kontrakten, annullerer Forsvarsdepartementet ordren.
Det er prioritering av nye kampfly som nå går ut over andre investeringer, men avbestillingen fra Forsvarsdepartementet kom som en bombe i høyteknologibedriften NAMMO på Raufoss.

SJÅ VIDEO: Det er prioritering av nye kampfly som no går ut over andre investeringar, men avbestillinga frå Forsvarsdepartementet kom som ei bombe i høyteknologibedriften NAMMO på Raufoss.

– Vi er veldig overraska for vi har aldri før opplevd at ein ferdigforhandla kontrakt ikkje blir gjennomført, seier administrerande direktør i NAMMO, Edgar Fossheim, til NRK.

– Det er prioritering av nye kampfly som no går ut over andre investeringar, seier statssekretær i Forsvarsdepartementet, Øystein Bø.

10 år og 100 millionar

Avbestillinga av den nyutvikla automatiske granatkastarammunisjonen har tatt nesten ti år, og det var nå like før forsvarsindustribedrifta NAMMO på Raufoss endeleg skulle signere kontrakten med Forsvarsdepartementet.

Men for nokre veker sidan kom brevet frå Forsvarsdepartementet med beskjed om at «Prosjektet er nå besluttet terminert i sin helhet».

Dette kom som ei bombe på NAMMO. Dei har i ti år, saman med Forsvaret, brukt over hundre millionar kroner på å utvikle den unike granatkastarammunisjonen som kan treffe mål ein ikkje ser frå utskytningsstaden.

– Eg har aldri opplevd dette tidlegare, seier Fossheim.

Han seier at annulleringa betyr at femti årsverk må brukast på andre ting. I verste fall må dei permittera.

– Vi har heldigvis anna arbeid til nokre, men ikkje til alle.

Alvorleg signal

Men avlysninga er meir enn berre et «nei» til ein ordre. På lang sikt meiner Fossheim signalet er meir alvorleg, for NAMMO eksporterer nitti prosent av produkta. Då er det viktig at dei kan vise til samarbeid med og leveransar til det norske forsvaret.

– Det seier seg sjølv at det det ikkje er heldig at ein slik kontrakt med det norske Forsvaret ikkje blir gjennomført, sier Fossheim.

Den seine avlysninga av storkontrakten vekkjer oppsikt i industrien. I «Forsvars- og sikkerhetsindustriens forening», FSI, er dei uroa over sakshandsaminga i Forsvarsdepartementet.

Nammo på Raufoss

Arkivbilete frå forsvarsindustribedrifta NAMMO på Raufoss.

Foto: Jorun Vang / NRK

Alvorleg for bedriftene

– Kansellering rett før kontraktinngåing av prosjekt som er etablert med utgangspunkt i langsiktig samarbeid er alvorleg. Det bidrar til å skape usikkerheit om kor føreseielege dei er i Forsvaret når det gjeld innkjøp, seier administrerande direktør Torbjørn Svensgård.

Han fryktar norske bedrifter kan miste eksportordrer.

– Sal av forsvarsmateriell til kundar utanfor Noreg er generelt avhengig av at det norske forsvaret har skaffa det aktuelle systemet eller materiell og dermed er ein referanse for andre lands forsvar som er aktuelle brukarar av tilsvarande materiell, seier han.

Inga lett avgjerd

I Forsvarsdepartementet viser dei til langtidsplanen som Stortinget har vedtatt. Den planen legg opp til at det skal omdisponerast midlar frå materiellinvesteringar i Forsvaret til nye kampfly.

– Dette er ikkje ein behageleg situasjon og inga lett avgjerd å ta. Vi ser at dette kjem svært seint for industrien, og det beklager vi, sier statssekretær Øystein Bø til NRK.

– Men kvifor kom denne annulleringa så seint når kampflykostnadene har vore klare lenge?

– Dette var eit prosjekt som ein jobba fram, og som skulle leggjast fram til godkjenning . Då vi gjekk gjennom det, fann vi ut at vi ikkje kunne prioritere det.

Men det er brukt 8-10 år og 100 mill, er det ikkje for seint å avlyse då?

– Jau, det er veldig seint og vi beklager sterkt den situasjonen industrien er komen opp i.

Ser på rutinane

NAMMO viser til at referanse frå Norge på levering til vårt eige forsvar er viktig. Ser ikkje de dette?

– Vi er opptatt av å ha eit langsiktig godt forhold til industrien, og har no sett i gang eit arbeid for å sjå om vi kan gjere noko med rutinane våre for å hindre at denne typen ting skjer igjen.

– Du innser at dette ikkje burde skjedd?

– Eg innser at det er beklageleg for industrien og det var inga lett avgjerd for oss heller, seier statssekretæren.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger