Dronninga på «Jobben» i førjula

Dronning Sonja var full av lovord etter at ho fredag besøkte «Jobben», Frelsesarmeen sitt arbeidstreningstilbod for rusavhengige.

Dronning Sonja vitja fredag "Jobben" i Oslo - eit lågterskeltilbod i regi av Frelsesarmeen for å gje rusavhengige meiningsfylte dagar.

Dronning Sonja vitja fredag "Jobben" i Oslo - eit lågterskeltilbod i regi av Frelsesarmeen for å gje rusavhengige meiningsfylte dagar. Kunstinteresserte Sonja viste stor interesse for det som blei laga på verkstaden.

Det er flittig aktivitet i Frelsesarmeen sitt verkstadlokale i Gamlebyen i Oslo denne førjulsfredagen. Dei pussar og målar med ivrige, men stødige hender.

– Nei men så flott. Det var tålmodigheitsarbeide, seier dronninga i det ho finn fram brillene sine for å ta nærmare i augesyn ein systemordnar som ein av «Jobben»-deltakarane har pryda med frimerke.

Imponert over lågterskeltilbod

Deltakar på "Jobben" i regi av Frelsesarmeen

Eit gammalt møbel får eit ferskt målingstrøk av ein av 'Jobben'-deltakarane.

"Jobben" i Frelsesarmeen

Arbeidsoppgåvene på 'Jobben' er både store og små.

Foto: NRK

«Jobben» er eit tiltak i regi av Frelsesarmeen, i samarbeid med Oslo kommune. Føremålet er å gje rusavhengige øving i det å ha ein jobb å gå til, gje deltakarane meiningsfylte dagar og å redusera trongen for rus.

Gamle gjenstandar som andre hadde kasta på skraphaugen, får sakte men sikkert nytt liv. Samstundes opplever dei sjølve større mål og meining med livet,

– Eg er imponert over den kreativiteten som er, og kva man kan få ut av det me kastar og dei set i stand til skinande flotte produkt. Det er veldig oppløftande å sjå, sa dronninga etter visitten fredag føremiddag.

Alle seier dei til dronninga at det er svært viktig for dei å ha «Jobben» å gå til.

– Og det kan ein jo berre tenkja seg sjølv. At det er veldig viktig og hyggeleg å ha eit mål, noko å gå til kvar einaste dag. Mange seier at dette har vore redninga for dei - sjølvkjensla ein får av å ha utført eit arbeid.

(Saka held fram under biletet)

Heidi Haugen er éin av 95 som dagleg går på "Jobben"

Heidi Haugen er éin av 95 tidlegare eller noverande rusavhengige som dagleg går på 'Jobben'.

Foto: NRK

– Betyr alt i livet mitt

Ein av dei som fekk slått av ein prat med dronninga, var Heidi Haugen. Ho er ein av til saman 95 som nyttar Frelsesarmeen sitt lågterskeltilbod kvar dag.

– «Jobben» betyr faktisk alt i livet mitt. Det er fint at det finst slike stader for oss som er eller har vore rusmisbrukarar, seier Haugen .

Ein arbeidsdag på «Jobben» er fire timar lang. Arbeidsoppgåvene er mange, og varierer med årstidene. Gaterydding, møbelverkstad, vedproduksjon og skjærgardsteneste er blant stasjonane som er meir eller mindre permanente.

– Det gir livet meining å ha noko å stå opp til, gle seg til. Det er ikkje løna det handlar om, men det å møta folka som er her. Eg går stolt herifrå fordi eg veit eg har gjort noko for andre - rydda gater eller laga ting på verkstaden som gler andre, fortel Haugen.

Før dronninga forlét «Jobben», hadde ho éi førjuls-oppfordring å koma med:

– Å tenkja litt meir på andre og hjelpa til der ein kan, me greier heilt sikkert meir enn det me gjer i dag.


Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger