Hopp til innhold

Driv organisasjon for 250 barn i Kabul: – Eg er veldig, veldig redd for dei

Norsk-afghanske Hamideh Rezai fryktar for liva til kvinner og barn i Afghanistan. No ber ho Noreg evakuere dei hit.

Hamideh Rezai

Til dagleg er Hamideh Rezai bussjåfør i Oslo, men driv også ein hjelpeorganisasjon i Kabul. No er ho bekymra for barn og aleinemødrer i Afghanistan etter at Taliban kom til makta.

Foto: Helge Tvedten / NRK

– Per i dag ser eg inga framtid for desse barna.

Det seier norsk-afghanske Hamideh Rezai. Ho er til dagleg bussjåfør i Oslo, men driv også ein hjelpeorganisasjon i Kabul.

Organisasjonen kjemper for framtida til barn og aleinemødrer i Afghanistan. Dei sørger for at totalt 250 barn får gå på skule.

Barna er anten foreldrelause eller bur med mor si. Dei har ingen forsørgarar, altså menn, i familien, noko som gjer situasjonen ekstra vanskeleg for dei no som Taliban har makta.

– Det er kvinner og barn som er mest utsett for vald. Unge kvinner får ikkje lov til å jobbe, og barna får ikkje gått på skulen, fortel Rezai.

– Barna og mødrene er i fare

Det er mange kvinner som er redde i Afghanistan no. Taliban seier dei vil tillate kvinner å ta utdanning og jobbe, men fleire tviler på dei nye lovnadane frå gruppa.

Rezai er særleg redde for dei eldre jentene, som ho fryktar kan bli tvangsgifta til vaksne menn.

– Eg har 80–90 jenter som er over 12 år i organisasjonen min, og eg er veldig, veldig redd for dei, seier ho.

Hamideh Rezai med ektemannen sin.

Hamideh og ektemannen Abdol Vahab Rezai ønsker at Noreg hjelper til med å evakuere kvinner og barn i Kabul.

Foto: Helge Tvedten / NRK

No ber ho norske myndigheiter om å evakuere dei hit.

– Eigentleg treng heile Afghanistan hjelp no, men desse barna har ikkje forsørgarar, og både barna og mødrene er i fare, seier Rezai.

Det er totalt 350 fadrar som støtter barna i organisasjonen og betaler for skulegangen deira.

– Eg, og alle barna sine fadrar, ønsker at dei skal bli henta hit slik at dei kan studere vidare og få eit bra liv, seier Rezai.

Barna veit kva som skjer

Rezai har drive organisasjonen sidan 2017. På besøk i Kabul såg ho alle barna som vandra rundt i gatene utan mat og skule. Ho lærte då at det var fordi dei var foreldrelause eller ikkje hadde ein far.

Ho seier barna veit kva som skjer i Afghanistan no, og at dei er redde.

– Jenter kan bli tatt av Taliban, eller kvinner får ikkje lov til å jobbe. Det er Taliban som bestemmer over dei, seier ho.

Vanlegvis hjelper frivillige til med mat, kle og oppfølging til kvinnene og barna, men etter at Taliban kom til Kabul, har hjelpearbeidet stoppa.

Til no er 374 personar evakuert til Noreg. Rezai seier det hastar med å få evakuert fleire.

– Mitt sterkaste ønske er at dei skal bli henta hit. Då vil framtida deira bli lysare.

Utanriksdepartementet hadde ikkje anledning til å stille til intervju. I ein e-post til NRK skriv kommunikasjonsrådgjevar Ane Haavardsdatter Lunde at dei at dei ikkje kan kommentere enkeltsaker eller vurderingane som blir gjorde i evakueringa, av omsyn til teieplikta.

AKTUELT NÅ