Hopp til innhold

Drikking til sjøs kan bli forbode

Regjeringa har fått klare råd frå fleire faginstansar om å senke promillegrensa til sjøs. Så langt har lite skjedd, men no er Arbeiderpartiet på glid. – Vi skal seriøst vurdere å stramme inn, seier Eirin Sund (Ap).

Båt og alkohol

I dag er promillegrensa i båt 0,8. KrF vil senke den til 0,2, slik den er for bilførarar. Ap er også på gli.

Foto: Asbjørn Odd Berge / NRK

Det blir no lagt eit sterkt press på regjeringa forå stramme inn promillegrensa på sjøen. Sjøfartsdirektoratet, Kystverket, Kongelig norsk båtforeining, Redningsselskapet og NHO reiseliv meiner alle at promillegrensa på sjøen må senkast, fordi det vil føre til færre dødsulykker.

Det er no 1,5 år sida organisasjonane la fram si utgreiing. Dei er skuffa over at ikkje noko har skjedd så langt.

– Vi tykkjer det er svært uheldig at styresmaktene har brukt så lang tid på å behandle innspelet som ei samla arbeidsgruppe gav for 1,5 år sidan, seier Erik Jærski i Redningsselskapet.

– Ein del av desse tiltaka kunne vore gjort i fjor, og kunne vore med på å redde liv, seier generalsekretæren i Kongelig norsk båtforbund, Reidar Kjelsrud.

– Kunne ikkje handla før

Næringsminister Trond Giske (Ap) avviser at regjeringa har somla med å bestemme seg.

– Vi har ikkje vore klare til å konkludere tidlegare. Vi har først hatt ei høyring, deretter ei utgreiing i Sjøfartsdirektoratet. Den har vi fått no i vår, så det ville uansett vore for seint å kome med regelendringar så tett opp mot båtsesongen, seier Giske.

Han legg til at haldningsarbeid er det viktigaste regjeringa gjer på dette feltet.

Eirin Sund, Trond Giske

Stortingspolitikar Eirin Sund (Ap) meiner det er lurt å stramme inn promillegrensa på sjøen, fordi mange båtførarar ikkje held seg innanfor 0,8. Næringsminister Trond Giske meiner det haldningsskapande arbeidet er viktigast.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

Ap på glid

Men i Politisk Kvarter i dag kom det fram at Arbeidarpartiet er på glid i spørsmålet om innstramming. Stortingsrepresentant Eirin Sund har allereie bestemt seg:

– Personleg meiner eg at når ein ferdast på sjøen og vegen, er ikkje alkohol noko ein skal «iføra seg» i det heile. Når det kjem så klare råd frå så mange fagfolk, har vi eit veldig godt grunnlag for å fatte vedtak, seier Sund til Politisk Kvarter.

Bård Hoksrud (Frp) meiner at regjeringa har somla fordi næringsminister Trond Giske eigentleg ikkje ønskjer å stramme inn.

– Han er i realiteten einig med Frp, hevdar Hoksrud.

Det blir avvist av Eirin Sund (Ap):

– Det er ingen som kranglar internt i regjeringa. Dette er ei sak som regjeringa tek alvorleg. Men det tek tid, seier Sund.

«Kritikklaus og risikovillig»

Bård Hoksrud

Bård Hoksrud frå Frp meiner ein ikkje er full med 0,8 promille i blodet. Folkehelseinstituttet ser annleis på den saka.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Hoksrud håpar regjeringa lar promillegrensene vere som dei er.

– Mange er på sjøen og kosar seg, og ein er ikkje full med 0,8 promille i blodet. Vi veit at menn over 40 år er overrepresenterte. Da bør vi sette inn tiltak mot dei, og ikkje straffe alle saman for at nokon få gjer feil, meiner Hoksrud.

Folkehelseinstituttet meiner derimot at du med ein promille på 0,8 blir både «kritikklaus og risikovillig». Og når ein blir kritikklaus, er det lett å ta seg ein ankerdram eller to for mykje:

– Også denne sommaren blir mange tekne med over 0,8 i promille. Det er alvorleg. Dersom grensa vi har sett ikkje blir følgt, spør eg meg om ei høgare grense på sjøen gjer det lettare å drikke meir. Eg seier ikkje at vi skal stramme inn, men vi må vurdere det seriøst, seier Sund.

– Har brukt for lang tid

KrF har lenge kjempa for å senke promillegrensa på sjøen. Dei meiner Regjeringa har brukt altfor lang tid på å bestemme seg. Utgreiinga frå det samansette utvalet kom nemleg allereie i april i fjor.

– Det viser at det ikkje har vore nokon stor aksjon for å få dette til. 30 personar døyr på sjøen kvart år. Ein tredel av desse har promille. Vi hadde venta å kunne vedta dette før sommaren i år, seier Kjell Arild Svendsen (KrF).

– Å endre loven er noko som tek tid, det gjer ein ikkje fort og gale. 1,5 år har høyrast lenge ut, men det er ikkje så lang tid. Det har òg vore laga ein annan rapport frå Sjøfartsdirektoratet som kom no i vår. Regjeringa har ikkje late dette ligge i ei skuff. Vi skal ta ei avgjerd, lovar Sund.

AKTUELT NÅ