Hopp til innhold

Drar på lærarjakt til Sverige

Fleire norske kommunar deltek på jobbmesser i Sverige for å få svenske lærarar til å søkje jobb i Noreg.

Koppang skole

Koppang skule i Stor-Elvdal er ein av mange norske kommunar som har delteke på svenske jobbmesser.

Foto: SVT

NRK meldte i går at grensebyar i Sverige opplever ein alvorleg lærarmangel, som følgje av at svenske lærarar søkjer jobb i Noreg på jakt etter høge løningar.

No viser det seg at fleire norske kommunar driv aktiv rekruttering på svenske jobbmesser, for å lokke lærarar til Noreg.

– Bra med skandinavisk i skulen

Bente Høyer

Rektor ved Koppang skule, Bente Høyer, lokkar svenskane med høge løningar.

Foto: SVT

Koppang skule i Hedmark-kommunen Stor-Elvdal er blant utkantkommunane som søkjer mot Sverige på jakt etter arbeidskraft. Dei har store problem med å få tak i norske lærarar.

Rektor ved skulen, Bente Høyer, er klar på kva verkemiddel ho nyttar for å trekkje til seg dei svenske lærarane.

– Stor-Elvdal kan lokke med høgare lærarløningar enn det dei får heime i Sverige. Hos oss er alle lærarane kontaktlærarar, og alle får dermed eit ekstra tillegg, seier ho til NRK.

Rektoren ser ingen problem med dei språklege utfordringane svenske lærarar kan føre med seg.

– Nei, på ingen måte. Det har gått forbausande bra. Me har også hatt ein islandsk lærar her, og eg trur det berre er eit pluss å få meir skandinavisk språk inn i skulen, sa Høyer til avisa Østlendingen.

Oslo er også på jakt

Det er ikkje berre norske utkantkommunar som ser sitt snitt til å rekruttere lærarar frå over grensa. Utdanningsetaten i Oslo kommune har delteke på jobbmesser i Göteborg og i Karlstad, som er blant dei største messene i Sverige.

– Osloskulen er i sterk vekst, og me har behov for 1500 fleire lærarar i løpet av dei neste fire åra. Me profilerer oss difor over heile landet, og har i tillegg delteke på utdanningsmesser i Sverige, seier fungerande utdanningsdirektør i Oslo, Bjørn Marthinsen.

Ser du utfordringa med at svenskar underviser norske born i til dømes norsk?

– Slik me ser det er ikkje norskundervisninga ei aktuell problemstilling. Skulen som eventuelt rekrutterer svenske lærarar vil vere opptekne av at dei har kompetanse i dei faga dei underviser i.

Utdanningsetaten har ikkje ein sentral oversikt over talet på svenske lærarar i Oslo, men meiner ikkje at svenske lærarar hindrar norske søkjarar i å få jobb.

– Bør vere sjølvforsynte

Andreas Borud, leder i Elevorganisasjonen

Andreas Borud i Elevorganisasjonen meiner Noreg bør vere sjølvforsynte med lærarar.

Foto: FOTO: ALEKSANDER ANDERSEN

Leiar i Elevorganisasjonen, Andreas Borud, tykkjer det er synd at situasjonen er blitt slik at norske kommunar ser seg nøydde til å rekruttere utanfor landegrensa.

– Dette tyder først og fremst på at me framleis ikkje har rekruttert nok til læraryrket i Noreg. Difor er det ekstra viktig å setje fokus på lærarane. Me bør ha som mål at Noreg skal vere sjølvforsynte med lærarar. Difor er det synd å sjå at me går utanfor landegrensene for å rekruttere.

– Tykkjer du det er problematisk at svenske lærarar underviser norske born?

– Det er ein fare at manglande språkforståing kan gå utover elevane sitt læringsresultat. Det er viktig å vere vaken og la elevane fortelje om sine erfaringar i undervisninga.

Stolar på norske skular

Sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet, Tove Marie Børresen, er samd i at Noreg bør gjere ein innsats for å få fleire til å søkje lærarutdanninga, men ho trur ikkje den auka satsinga på lærarar frå Sverige er eit teikn på at det står dårleg til med den norske lærarstanden.

– Eg stolar på at dei norske skulane har prosedyrar som gjer at lærarane oppfyller formelle kompetansekrav. Alle har rett til å flytte på seg, men det som er viktig er at alle som underviser i Noreg har formell kompetanse.

AKTUELT NÅ