Dei fem største byane i Noreg, Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger og Kristiansand, fekk tilsaman inn godt over ein halv millard kroner i parkeringsavgifter og gebyr i løpet av 2009, viser tal henta inn av NRK.
Det er ikkje overraskande hovudstaden som får inn mest klingande mynt i parkeringskassa. Her står bøter for over halvparten av denne potten.
Byråden fekk bot
Tala for Oslo kommune vitnar om ein særleg pressa parkeringssituasjon. Sidan 2000 er talet på kommunale parkeringsplassar nærmast uendra (7 prosent opp). Parkeringssatsane er bortimot dobla, og inntektene kommunen har på bøter er gått opp med 36 prosent.
– Eg har sjølv opplevd å få bot fordi eg ikkje har funne annan parkering, seier byråd for miljø og samferdsel i Oslo Kommune, Jøran Kallmyr (Frp).
Nest dyrast i verda
- Bruk heller kollektivtilbodet, oppfordrar byråd for miljø og samferdsel i Oslo Kommune, Jøran Kallmyr (Frp).
Foto: Aas, Erlend / SCANPIXOslo har verdas nest dyraste parkering, kom det fram i ei global oversikt over dei dyraste parkeringsbyane i juni i år. Det er likevel bøter som er best butikk for Oslo kommune. Gebyr for manglande parkering og feilparkering, stod nemleg for over 50 prosent av parkeringsinntektene til Oslo kommune i fjor.
Med ein snittpris på 352 kroner dagen i parkeringsavgift, er det kanskje ikkje rart at mange vel å bryte lova. Prislappen for manglande betaling på kommunal parkering (tilleggsavgift) er nemleg 300kr.
– Bevisst strategi
Byråden trur det er mange som bevisst feilparkerer, fordi tilgjengelegheita på parkeringsplass er så knepen.
- LES OGSÅ: Gratis parkering i sentrum?
Men sjølv om det er kamp om parkeringsplassane i bykjernen, har ikkje Oslo kommune planar om å auke kapasiteten - tvert imot.
– Dette er ein bevisst strategi for å redusere sentrumstrafikken, og for å få fleire til å benytte seg av kollektivtilbodet. Oslo Byråd får faktisk kjeft av regjeringa for å ha for mange parkeringsplassar, fortel Kallmyr.
Annleis i Stavanger
I Stavanger er biletet eit heilt anna. I same periode har talet p-plassar auka med 54 prosent, parkeringssatsane har stått uendra heilt fram til i sommar, og kommunen får inn mindre pengar på bøter no enn i år 2000.
– Stavanger kommune har jobba veldig hardt i mange år for å skaffe nye parkeringsplassar. Me har vore opptekne av å legge til rette for bilistane, seier leiaren for Kommunalstyret for byutvikling, Christine Sagen Helgø (H).
– Folk betaler for seg og står lovleg parkert i Stavanger fordi det er enkelt å parkera her, legg ho til.
– Storbyfenomen
Samferdselsbyråden i Oslo, trur likevel ikkje at Oslo bør følgje i Stavanger sine fotspor for å lette parkeringstrykket i hovudstaden.
- LES OGSÅ: Kjemper for parkeringsplassene
– Parkeringsbøter er og blir eit storbyfenomen. Oslo er ein svært annleis by enn Stavanger. Busetnaden er tettare, og me har andre behov for arealet på gateplan, meiner Kallmyr som påpeiker at Oslo har svært mange private p-plassar.
Dyrare bøter i vente
I heile 17år har dei offentlege satsane for parkerings stått bom stille. Sidan 1993 har prislappen for manglande betaling (tilleggsavgift) vore på 300 kroner, og på 500 kroner for feilparkering.
No varslar samferdselsdepartementet at parkeringsbøtene skal setjast vesentleg opp.
– Me ser at dagens satsar for gebyr og tilleggsavgift ikkje lenger har den same effekten som for 17 år sidan. Satsane skal ha eit erstatningselement og samstundes oppmode bilistane til å fylgje parkeringsreglane. Storleiken står ikkje lenger i forhold til den prisveksten og økonomiske utviklinga me har hatt innanfor parkeringsverksemd og i samfunnet elles, seier seniorrådgjevar i samferdselsdepartementet, Espen Rindedal.