NRK Meny
Normal

Drapssikta lege hevdar han skreiv ut medisiner for å hjelpe sambuaren

Legen i 50-åra skal ha forklara at han skreiv ut medikament til sambuaren, fordi ho hadde sterke smerter. No er han sikta for drap med forsett.

Forsvarer Arild Holden i samtale med politiadvokat Andreas Strand før fengslingsmøtet.

VARETEKT: Legen vart framstilt for varetektsfengsling i dag, i eit lukka møte som varte i nærare tre timar. Forsvarar Arild Holden (t.v.) seier den sikta forklara seg om saka. Politiadvokat Andreas Strand (t.h.) ba om fire veker varetekt.

Foto: Olav Døvik / NRK

Etter det NRK kjenner til skal legen ha forklara at han skreiv ut sterke medisinar til den 39 år gamle sambuaren. Det skal ha vore medikament mot mellom anna smerter, som han seier han skreiv ut for å hjelpe henne.

Legen fann sambuaren sin død 12. desember i fjor, i hennar eigen heim i Oslo-området. Etter den endelege obduksjonen fann rettsmedisinarar spor av fleire legemiddel i blodet hennar. Politiet meiner ho vart forgifta, og drapssikta legen.

– Eg kan ikkje uttale meg fordi eg har teieplikt om dokument i saka, seier Arild Holden, forsvarsadvokat for legen.

Fekk ikkje behandling

Den sikta skal ha forklara at 39-åringen var plaga av sterke smerter, men fekk ikkje behandling ved norske sjukehus. Sambuarparet skal ha reist til fleire sjukehus i Europa og USA, for å få stilt ei diagnose og få behandling.

Legen i 50-åra nektar all straffskuld for skuldingane om at det var eit planlagt drap.

Arild Holden

NEKTAR STRAFFSKULD: Forsvarar Arild Holden seier klienten hans nektar all straffskuld, på siktinga om at han skal ha drept kjærasten sin i desember i fjor.

Foto: Harald Inderhaug / NRK

– Han er rysta og tar dette svært tungt. Han har fått forklare seg i dag, sa forsvarar Holden etter fengslingsmøtet onsdag.

Politiadvokat Andreas Strand vil ikkje kommentere forklaringa til den sikta.

– Eg vil ikkje kommentere enkeltsider i etterforskinga. Det som er eit hovudtema er om det ligg eit motiv i saka, og om den sikta har hatt middel og mulighet til å utføre handlinga. Det jobbar vi framleis med, seier Strand.

– Har fleire teoriar

Han seier dei går relasjonen mellom sambuarparet etter i saumane, men det er først når dei gjer avhøyr av omgangskretsen at dei vil få eit fullstendig bilete av situasjonen hennar.

– Vi har fleire hypoteser. Ein må vere varsom med å låse seg fast i ein teori. Der vi er no, meiner vi at det er sterk mistanke om ei drapshandling, seier politiadvokaten til NRK.

Dette avviser forsvarsadvokat Arild Holden, som seier den sikta er rysta over påstandane om eit planlagt drap. Ifølge TV2 skal politiet etterforske eit testamentet etter kvinna. I det testamentet, som var skrive for hand, skal legen arve fleire millionar kroner etter sambuaren.

Varetektsfengsling avgjort torsdag

Mandag vart legen pågripen på jobb og onsdag vart han framstilt for varetektsfengsling. Fengslingsmøtet pågjekk i nærare tre timar, der legen skal ha forklara seg for dommaren. Forsvarsadvokaten skal ha ført eit vitne i saka.

Det blir ikkje klart før torsdag føremiddag om han blir satt i varetektsfengsel for fire veker, slik politiadvokat Andreas Strand ba om. Legen er sikta for drap med forsett.
Kvinna etterlet seg to mindreårige barn frå eit tidlegare ekteskap. Bistandsadvokat, Cathrine Møller Faaberg, seier at ho har ingen kommentar til saka.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger