Hopp til innhold

Kvar tredje dag skjer det eit sjølvmord i det psykisk helsevernet

I 2011 vart det rapportert 124 sjølvmord i det psykiske helsevernet i Noreg – nesten ei dobling på fire år. Ein tredjedel kunne vore unngått.

Illustrasjonsbilde

Manglande kjennskap til kva som kjenneteiknar dei som tek sjølvmord er blant årsakene til at sjølvmordstala blant psykisk sjuke er så høge.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Dei dramatiske tala kjem fram i ein rapport frå Helsetilsynet, som kartlegg unaturlege dødsfall i det norske helsevesenet.

Frå 2008 til i dag har tala auka kvart år. Totalt dei siste fire åra er det registrert 429 sjølvmord i psykisk helsevern i Noreg.

  • 2008: 73
  • 2009: 113
  • 2010: 119
  • 2011: 124

Sjølvmorda vert registrert av meldesentralen, som er eit samordna system som gjer det mogleg å samle informasjon frå heile landet.

Helsetilsynet opplyser at innrapporteringa i mange år har vore for dårleg, og at dette kan forklare noko av auken. Truleg så skjer det framleis sjølvmord som ikkje vert rapportert inn.

– Ein tredjedel kunne vore unngått

Helsetilsynet meiner at rundt 40 sjølvmord kunne vore unngått i året dersom rutinane ved psykiske institusjonar hadde blitt betre.

– Eg trur ikkje at alle sjølvmord i psykisk helsevern kan unngåast. Anslaget mitt ut frå det eg har sett i materialet vårt er at me kan forhindre kring ein tredjedel av dagens sjølvmord, seier direktør i Helsetilsynet, Geir Sverre Braut, til nettstaden Dobbeltdiagnose.no.

Han seier at det ikkje finst éin typisk årsak til at pasientar tek livet sitt, men at det er ein tendens at dei ansvarlege ved institusjonane ikkje er grundige nok i å vurdere risikoen.

– Det har blitt betre, og det er viktig at denne innrapporteringa held fram. Det bidreg til at me kan lære slik at me utviklar betre tenesterutinar, seier Braut.

– Ikkje mogleg å føresjå sjølvmord

Erlend Mork

Erlend Mork forskar på sjølvmord og seier at kunnskapen om kva som utløyser sjølvmord er altfor dårleg.

Foto: Universitetet i Oslo

Konstituert leiar for Nasjonalt senter for sjølvmordsforsking, Erlend Mork, seier til NRK.no at ei stor utfordringa i helsetenesta er å skaffe oppdatert oversikt over karakteristikkane ved dei som døyr ved sjølvmord i dag.

– Hos over 50 prosent av alle som vert lagt inn på akuttavdeling i psykiatriske sjukehus er sjølvmordsfare årsaka til innlegginga. Utfordringa er at det er veldig vanskeleg å seie kven av dei som er i den største risikoen for å døy ved sjølvmord på kort sikt.

Mork er ikkje er overraska over at det skjer sjølvmord oftare enn kvar tredje dag i helsetenesta, men er likevel bekymra for dei høge tala.

– Det er urovekkjande, og me må ha eit auka fokus på at det er såpass høge tal i det psykiske helsevernet. Psykisk sjuke er sjølvsagt ein risikogruppe, så det er ikkje heilt unaturleg at det skjer sjølvmord. Men me veit alt for lite om kva det er som kjenneteiknar dei som tek sjølvmord.

Mork understrekar at helsetenesta dei siste åra er blitt mykje flinkare til å innrapportere omfanget av sjølvmord i psykisk helsevern. Neste steg på vegen er å finne meir ut av årsakene til at pasientar tek livet sitt. Senteret er no på oppdrag frå Helsedirektoratet i ferd med å utvikle eit system for å granske sjølvmorda i samarbeid med institusjonane.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger