Hopp til innhold

Sommel hindrar naturmangfaldlov

Dyreartane i Noreg døyr ut medan regjeringa somlar med å gjere ferdig lova som skal verne trua artar. Berre i år har 16 dyrartar forsvunne frå den norske faunaen.

Slik ser de ut, noen av de 430 postkortene som sendes ut til landets ordførere.

Blåmjeltsommarfuglen pryda eit av postkorta som miljøminister Erik Solheim sende til alle ordførarane i landet som del i ein kampanje for artsmangfald. No flagrar den ikkje lenger i naturreservatet på Fornebu.

Foto: Direktoratet for naturforvaltning

Maren Esmark (WWF)

Maren Esmark i WWF er utålmodig.

Foto: Bjørnbakk, Jan-Morten / SCANPIX
Heidi Sørensen

Statssekretær Heidi Sørensen seier at lova skal kome seinare i haust.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Det skjer samstundes som eit utkast til den nye naturmangfaldlova i tre år har vore kasteball i departementa.

Maren Esmark i WWF er av dei som no er utålmodig.

Esmark fryktar at intern kamp i departementa undergrev lova som skal skjerme dei 2000 trua artane her i landet.

- Dei ulike sektordepartementa sit no og vatnar ut og øydelegg dette flotte lovutkastet, seier Esmark.

Vedgår frontar

Statssekretær i Miljøverndepartementet Heidi Sørensen seier at det har teke lang tid fordi det er eit omfattande arbeid.

Ho vedgår at det har vore frontar departementa imellom.

- At det har vore politiske dragkampar om ei så viktig lov, trur eg alle skjønar at er slik det må vere, seier ho.

Men Sørensen understrekar at lova etter planen skal kome seinare i haust.

Sommarfuglart forsvunne

Av artane som i mellomtida ikkje finst meir i norsk natur er blåmjeltsommarfuglen.

Den pryda eit av postkorta som miljøminister Erik Solheim i mai sende til alle ordførarane i landet som del i ein kampanje for artsmangfald.

Sommarfuglen brukte å flagre i naturreservatet på Fornebu i Bærum, men no har denne sommarfuglen blitt den første frå postkortkampanjen som har forsvunne frå norsk natur.

AKTUELT NÅ