Hopp til innhold

Domstolar ber publikum halde seg unna rettssaker

Både Høgsterett og Borgarting lagmannsrett vil gjennomføre rettssaker som normalt trass i faren for korona-smitte, men ber publikum halde seg unna.

Storkammersak om barnevern

UTAN TILHØYRARAR: Noregs Høgsterett vil ikkje stenge som følgje av koronaviruset, men oppmodar publikum om å halde seg unna for å avgrense smittefaren. Bildet er tatt ved eit tidlegare høve.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Domstolane har ikkje planar om å stenge sjølv om den pågåande spreiinga av koronaviruset ser ut til å breie om seg.

Måndag la Domstoladministrasjonen ut informasjon om korleis aktørar i domstolane i landet skal ta omsyn til smittefaren.

Onsdag følgde Høgsterett opp med at alle saker vil gå som normalt, men med ei oppfordring til dei som skulle ønske å følgje rettsforhandlingane.

– For å bidra til å redusere arenaer som kan gi grunnlag for stor smittespreiing, oppmodar vi publikum om ikkje å følgje ankeforhandlinga, skriv Høgsterett på Twitter.

Laster Twitter-innhold
Høyesterett avbildet i 2019.

Dommarane i Høgsterett fotograferte i 2019. Sjefen er høgsterettsjustitiarius Toril Øie (i midten, foran).

Foto: Sturlason / Høyesterett

Heller ikkje Borgarting lagmannsrett, som er den største ankedomstolen i landet, har planar om å stenge ned drifta på grunn av virusutbrotet.

I staden oppfordrar lagmannsretten, like eins med Høgsterett, publikum til å velje å ikkje kome til rettssalane. Normalt er rettssalane opne for alle som vil følgje pågåande rettssaker.

– Vi beklagar å måtte oppmode til tiltak som avgrensar openheita om sakene, men håper på forståing. Takk for velvilja, skriv lagmannsretten.

Laster Twitter-innhold

Det er ikkje kjent om fleire domstolar vil følgje etter.

Oslo tingrett, som er den travlaste domstolen i landet, hadde onsdag ikkje offentleggjort nokon spesielle tiltak ut over informasjonsskrivet frå Domstoladministrasjonen.

Høyesterett

Noregs høgste domstol ligg i Oslo tett på Regjeringskvartalet.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

AKTUELT NÅ