Hopp til innhold

Dømd for å dele bilete av dottera på Facebook

Ei mor er dømd for å krenke si dotter etter å ha delt bilete og video av dottera på Facebook. Kvinna oppretta ei side om dottera på Facebook for å kjempe mot barnevernet.

Facebook drops firm that sought to discredit critics

Ei mor er i Hålogaland lagmannsrett dømd til å betale 12.000 kroner i bot etter at ho delte bilete av si dotter på Facebook som retten meiner er «sensitive og private».

Foto: JOEL SAGET / AFP

Kvinna ville mobilisere støtte til ei sak ho hadde gåande mot barnevernet, etter at ho mista omsorgsansvaret for dottera. Difor oppretta ho ei Facebookside, kor ho mellom anna la ut bilete og video av si eiga dotter. Det var Rett24 som først meldte om saka.

Sensitive og private

Materialet som vart lagd ut var mellom anna av jenta gråtande, eller anna materiale som retten meiner er av «veldig sensitiv og privat karakter».

Retten meiner difor at kvinna har krenka si eiga dotter ved å dele materialet i Facebook-gruppa.

«At barnet som sjuåring ikkje reagerer på ei slik offentleggjering utelukkar ikkje seinare reaksjonar, til dømes i ungdomstida», skriv Hålogaland lagmannsrett i dommen.

Dei skriv også at det ikkje er avgjerande korleis barnet opplevde delinga av bileta, sidan ho er sju år og har få føresetnader for å kjenne til dei moglege framtidige konsekvensane av slik deling.

– Overraskande for mange

Det er ikkje tidlegare kjent at nokon er dømde for å krenke sitt eige barn ved å poste på sosiale medium.

Anine Kierulf, fagdirektør ved Nasjonal institusjon for menneskerettar, seier til Rett24 at saker om samtykke frå barn er vanskelege saker.

– Det er jo ikkje tvil om at ein som forelder har ein samtykkekompetanse på vegner av sine barn, som går langt. Samtidig trur eg det er ganske overraskande for mange at barns privatliv har eit sjølvstendig vern, og at foreldre ikkje står fritt til å skalte og valte med det som ein vil, seier Kierulf.

Anine Kierulf

Anine Kierulf meiner denne saka berre er starten av ein lengre debatt om kor grensene går for kva som er greit å dele om borna sine på sosiale medium, og kva som ikkje er greit.

Foto: NRK

Ho meiner dommen er prinsipiell interessant, og at det er viktig å få gjort rettslege vurderingar rundt denne typen spørsmål. Ho karakteriserer dommen frå Hålogaland lagmannsrett som «god», og at den kan hjelpe til med å auke folks kunnskap om barns rettar i sosiale medium.

Straffa kvinna har fått er ei bot på 12.000 kroner. Lagmannsretten held dermed ved lag ein tidlegare dom frå tingretten. Kvinna har no anka saka til Høgsterett.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger