Hopp til innhold

Dødelege politi-metodar

Ein 44 år gammal mann vart kvelt av ei anorakk-hette i samband med at politiet pågreip han og transporterte han til legevakta. Tor Erling Staff er kritisk.

Tor Erling Staff

Tor Erling Staff

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Dette skjedde i 2004 men vart ikkje offentleggjort. Reaksjonane er sterke på politimetodar i denne og liknande saker som har enda med dødsfall.

Det var tema i RedaksjonEN onsdag 13. juni 2007.

Er politiet sine metodar livsfarlege?

 

Sidan 1990 har fire menneske mista livet som følgje av kvelning i samband med at politiet pågreip dei.

Tor Erling Staff

Høgsterettsadvokat Tor Erling Staff vil granske dødsfallet til 44 år gamle Robert Michael Aconcha-Kohn og har bede hans etterlatne om fullmakt til dette. I eit brev til dei etterlatne sin advokat, skriv Staff at pågripingshandlinga nærast står fram som ei ikkje-strukturert hending der ingen hadde ansvar.

Olav Gunnar Ballo

Nestledar i justiskomitéen på Stortinget, Olav Gunnar Ballo frå SV, krev full gjennomgang av politi-metodane. Ballo seier at å binde hender og føter og bruke hette på hovudet, kan samanliknast med det som skjer på den amerikanske Guantanamo-basen.

Både Ballo og Staff var gjestar i Redaksjon EN denne kvelden.

AKTUELT NÅ