Dobling i tal på førehandsstemmer

Over 92.000 stemmer er registrert i løpet av den første veka med førehandsstemming i kommunestyre- og fylkestingsvalet. Det er meir enn dobbelt så mange som ved førre lokalval.

Forhåndsstemme i Stavanger

Førehandsstemming i Stavanger.

Foto: NRK

Vallokala opna for førehandsstemming førre måndag, og mange har allereie tatt turen for å gjere borgarplikta si. Tal NRK har fått frå Valdirektoratet, syner at rekordmange har tatt turen denne første veka.

Ved førre lokalval stemte 42.862 i løpet av veke 33. I år er talet på 92.312 den same veka.

Du kan førehandsstemme fram til 6. september.

Praktisk og enkelt

Valforskar Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforsking meiner den viktigaste forklaringa på auken er at det er svært enkelt og praktisk for folk å førehandsstemme.

Johannes Bergh

Valforskar Johannes Bergh.

Foto: Institutt for samfunnsforskning

– Det er ei utvikling vi har sett over tid. Det er ikkje minst på grunn av at kommunane har gjort ein imponerande innsats for å gjere det enkelt for folk å førehandsstemme. I mange byar er det vallokale rundt omkring der ein kan stemme nesten når som helst.

Også talet på tidlegstemmer i perioden 1. juli til 11. august har dobla seg på landsnivå sidan førre lokalval, syner tala frå Valdirektoratet.

At så mange har stemt til no, vil likevel ikkje seie at det nødvendigvis er fleire som har engasjert seg i dette valet.

– Det vi har sett i mange tidlegare val, er at dei som førehandsstemmer, er dei som uansett ville ha stemt. Så sjølv om delen førehandsstemmer går opp, vil ikkje valdeltakinga nødvendigvis auke av den grunn, seier Bergh.

Valkampen kan endre seg

Bergh trur at utviklinga på sikt kan føre til at valkampen forskyver seg. Han seier at auken i førehandsstemmer får konsekvensar.

– Det betyr i praksis at ein del veljarar ikkje får med seg heile valkampen. Den utviklinga som skjer i løpet av valkampen og innsatsen som partia gjer, får ikkje alle nyte godt av. Det endrar valkampen, og på sikt kan ein tenkje seg at førehandsstemminga vil forskyve valkampen i tid.

Berre starten på stemmerushet

Trass i at mange allereie har gjort borgarplikta si, meiner valforskaren at vi berre har sett starten på førehandsstemmene.

– Vi kan vente oss at folk nyttar høvet til å førehandsstemme heilt fram mot valdagen. Det plar ta seg opp særleg dei siste dagane. Ved førre stortingsval var det lange køar fredagen før valdagen, seier Bergh.

Det kan likevel verke som at det framleis er litt stas å gå til valurnene på sjølve valdagen.

– Det kan hende at dette er i ferd med å endre seg. Samstundes har vi sett at det blant dei yngste er interessant å møte opp på valdagen, og noko dei ønskjer å gjere. Det er særleg veljarar som er litt eldre som førehandsstemmer.

SISTE NYTT

Siste meldinger