Forsvarar for den dobbeltdrapssikta på Otta, Anders Bjørnsen seier til NRK at det heile framstår som «et utslag av psykisk helse og rene tilfeldigheter».
Det var eit ektepar i 80-åra som blei knivdrepne i heimen sin på Otta måndag kveld. Dei budde i nærleiken av den sikta mannen, men er ikkje i familie med han. Politiet gjekk ut med namna på dei drepne i går.
Forsvarar Anders Bjørnsen.
Foto: Roar Berntsen / NRKDet er kjent at den sikta mannen i 40-åra har lengre historikk frå psykiatrien. Mannen har blitt teken hand om av helsevesenet etter hendinga.
– Det har tilsynelatande vore ein vedvarande og nokså konstant kontakt med helsevesenet heilt sidan han fekk første kontakt med dei for meir enn 20 år sidan, seier Bjørnsen.
Den sikta er varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod og full isolasjon i to veker.