Planane om å samle sjukehusa i Oslo og bygge eit nytt storsjukehus har skapt debatt. Ein av dei som har engasjert seg er overlege i anestesi og intensivmedisin ved Rikshospitalet, Jon Henrik Laake.
Overlege Jon Henrik Laake blei overraska over språkbruken til HR-direktøren på Twitter.
Foto: PrivatHan har blant anna vore kritisk til størrelsen på det planlagde sjukehuset, og meiner planlegginga har vore for dårleg.
I dag vakna han til ei Twittermelding frå HR-direktør Morten Meyer ved Oslo universitetssjukehus som omtalte Laake som «kverulant» og «brønnpissar».
Laake seier til NRK at han blei overraska då han leste karakteristikkane i meldinga.
– Eg blei overraska over at HR-leiinga sende ut ei slik melding. Leiinga har vore opptekne av at vi skal unngå baktaling og nedsetjande snakk om kollegaer. Då er det spesielt at HR-direktøren sjølv oppsøker slike kommentarar og formidlar dei vidare.
Beklagar ordbruken
HR-direktør Morten Meyer ved OUS seier det gjekk ei kule varmt på Twitter måndag kveld. No beklagar han språkbruken.
Foto: OUSMeyer skriv på Twitter at meldinga hans var ein reaksjon på det han oppfattar som negative meldingar frå Laake mot eigen arbeidsplass over fleire år. Og at han må tole slag når han stadig slår sjølv.
Men Meyer innser at språkbruken kom uheldig ut, og beklagar no overfor Laake at han sende meldinga.
– Det kan til tider gå ei kule varmt på Twitter. Eg ser i ettertid at språkbruken blei for sterk. Eg har difor beklaga overfor Laake, seier han til NRK.
Blant dei som har reagert er Christian Grimsgaard, som er tillitsvald for legane ved OUS. Han skriv at det må vere lov å kritisere leiinga, og at lojaliteten må ligge hos pasientane.
Tilsette skal kunne ytre seg fritt
Både Meyer og Laake seier seg ferdige med denne saka no, og meiner ho ikkje bør få noko vidare etterspel.
Laake seier han vil halde fram å ytre seg offentleg. Men sjølv om Meyer har beklaga den opphavlege meldinga, fryktar Laake kva signal ordlyden kan sende til andre tilsette.
– Eg tenker dette er eit signal som andre tilsette tek til seg. Det kan fort bli ubehageleg dersom ein ytrar seg frimodig offentleg.
- Les:
- Les:
Men Meyer seier at dei tilsette ikkje skal ha noko å frykte.
– Alle som er tilsette hos oss skal kunne bruke ytringsfridomen sin. Dei siste åra har vi hatt stort fokus på openheit hos oss. Vi har mange eksempel på at vi deltek i det offentlege ordskiftet. Eg meiner vi har god takhøgd i OUS, både internt, i media og på sosiale medium.